Dag Solstad: Ellevte roman, bok atten

Bjørn Hansen er 50 år og lever eit tilsynelatande normalt liv som kemner i Kongsvinger. Frå utsida framstår han som relativt vellukka, men i sitt indre blir han stadig meir desillusjonert. Dag Solstad sin roman frå 1992 er mørk og pessimistisk. Den representerer det aller fremste av forfattarskapen til Solstad, og difor det fremste av nyare norsk litteratur.

Ellevte roman, bok atten
Roman
Oktober, 1992
144 sider

Bjørn Hansen sitt liv er prega av vonbrot over livet og forventningar som ikkje har blitt oppfylt. Då han var 32 år gammal forlot han kona og sonen på to år, for å flytte etter elskarinna Turid Lammers til Kongsberg. Han vel å forlate eit trygt tilvere til fordel for eventyret og ei usikker framtid. Men det er ikkje kjærleiken til Turid som gjer at han kastar alt på båten. "Det var eventyret han var besatt av, og som hadde sugd ham inn, så intenst at han knapt fikk puste, og ikke kjærligheten til Turid Lammers. Forlokkelsen ved det. Innerst inne visste Bjørn Hansen at den kortvarige lykke var den mest ettertraktelsesverdige på denne jord, og nå opplevde han den, ved å oppsøke Turid Lammers i dølgsmål i hennes lille leilighet på St. Hanshaugen i Oslo. Så intenst hadde han aldri levd før, fordi han visste han befant seg i et rom han ikke skulle bli lenge. Det var høyt spill. Stjålen lykke."

Solstad lar hovudpersonen først få kjenne lykka ved det stabile familielivet, og så den kortvarige lykka ved eit forhold basert på fysisk tiltrekning, før han avslører begge to som illusjonar. Allereide tidleg i boka går det fram at Bjørn Hansen ikkje forventar seg stort av korkje livet eller kjærleiken. I ein slik situasjon er det enkelt for han å følge impulsar og la det stå til. Han tilpassar seg raskt sitt nye liv som kemner i Kongsberg, og som sambuar til den omsverma og sjarmerande Turid Lammers, men under overflata skjuler han ein djup, eksistensiell frustrasjon.

Etter kvart (tolv år seinare) skjer det som Bjørn Hansen frå starten visste ville skje: at det som knytte han til Turid - eventyret, snart ville fortone seg som noko heilt anna enn eit eventyr, og at det difor ikkje lenger er noko som kan halde dei saman. "Likevel skulle det gå to år før det endelige bruddet skjedde. For hva skulle han si til henne? At han følte at livet var gått han forbi fordi han ikke lenger var tiltrukket av hannes ansikt og hennes kropp? At han ikke greide å forsone seg med at den mjuke skjønnheten hadde forlatt henne for alltid og etterlatt en kvinne han intet kunne føle for ved siden av seg i senga? At en mann betrakter sin kvinne på den måten er uutholdelig, og slår ham med stumhet. Slik blir han hengende ved henne."

Bjørn Hansen kjenner seg på sett og vis fri etter brotet, men dei illusjonane han har ha hatt om eit meiningsfylt liv verkar snart ugjennkalleleg borte. Då får han nytt håp i form av den heimkomne son. Peter, som Bjørn forlot då sonen var to år gamal, har no vorten tjue, og har kome inn på optikkerstudiet i Kongsberg. Han vil bu hjå far sin til han får seg hybel i byen. Bjørn Hansen trur i byrjinga at sonen skal kunne gje han ny retning i livet, men i staden blir møtet eit nytt stort vonbrot.

Eit stykke ut i boka seier Bjørn Hansen noko som er eit nøkkelsitat. I ein samtale med tannlegevenen Herman Busk seier han "at det han nå ønsket å lese, var en roman som viste at livet var umulig, men uten et snev av humor, verken svart eller av noe annet slag." Det er det som er Dag Solstad sitt prosjekt: å skrive ein roman som viser at livet er umogeleg. Ein særleg styrke ved boka er måten forfattaren skildrar tilhøvet mellom menneske på, anten det er mellom sambuarar eller mellom far og son. Solstad klarar med stor innsikt, og uhyre presisjon, å vise oss kor vanskeleg det er å omgås og å kommunisere utover eit overfladisk nivå, og kor stor avstand det kan vere mellom menneske som lever tett saman. Dag Solstad har skrive ein svært sterk roman.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg