Heia filmen!

Det har vore filmfestival i Grimstad og prisen for beste dokumentarfilm vart delt mellom "fra hver sin verden" og "ungdommens råskap". Om ein les igjennom lista over kven som har vore involvert i den førstnemnde filmen, ser ein at DrMunk har fått sin første prisvinnar i Grimstad. Det er berre å gratulere!!!

Her kan du lese meir om filmen:

filmfestivalen

"Fra hver sin verden" går forøvrig på NRK 02.07, så då har vi alle muligheten til å få den med oss!

Sjå også

4 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 20. juni, 2005 at 00:26 | Permalink

    linken fungerte på ingen måte.... Men om ein leitar litt på http://www.kortfilmfestivalen.no, så finn ein filmen. God natt!

  2. Posted 20. juni, 2005 at 11:32 | Permalink

    Eg stiller meg nest fremst i rekka av gratulantar!

  3. hvrd
    Posted 20. juni, 2005 at 15:29 | Permalink

    Gratulerer!!
    (Eg tok meg fridom til å endre litt på originalinnlegget, slik at iallfall lenka fungerer)

  4. snorre b
    Posted 21. juni, 2005 at 23:52 | Permalink

    Tusen takk! Dette var jo utruleg gøy og overraskande. Filmen delte forøvrig førsteplassen med Ungdommens råskap av Margaret Olin. Men som vanleg har NRK flytta rundt på sendedatoen. Filmen er flytta til 27 august, men dokke kjem nok til å få ein reminder her på Munk når datoen nærmar seg:)