Det er forbode og nytta fotballsko…

Røykarane er endeleg borte frå fergene, men fergefolka er ikkje seine om å kaste seg over ei ny, utsett gruppe. Denne gongen er det dei som nyttar fotballsko innandørs på fergene som får svi for sine laster. Plakaten seier heldigvis ikkje noko om fotballspeling ute på dekk.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

9 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 27. juni, 2005 at 08:30 | Permalink

    Eg brukar joggesko innandørs, så eg føler meg ikkje råka av forbodet. Men ja, eg vert grusomt provosert når eg ser nokon med fotballsko inne på ferja. Pføy!

  2. drleiv
    Posted 28. juni, 2005 at 13:38 | Permalink

    Tenkte eg skulle kaste litt stein i glashus; er det ikkje minst ein graverande skrive/gramatisk feil i plakatteksten?

  3. Posted 28. juni, 2005 at 13:46 | Permalink

    Då tenker du nok på den klassiske og/å-feilen.

  4. drleiv
    Posted 28. juni, 2005 at 14:03 | Permalink

    Eg gjer nok det ja... Med ein lærar og minst to rettskrivingsfantakiarar blant DoktorMunk sine brukarar er eg overraska over at ingen har kommentert dette før... Eller er det kanskje ikkje feil, men eg som har "drite" meg ut?

  5. Posted 28. juni, 2005 at 14:10 | Permalink

    Det kan på ingen måte rettferdiggjerast å bruke og her, så du har ditt på det tørre.

  6. Posted 28. juni, 2005 at 15:40 | Permalink

    På tide å ta glaset frå munnen, som ølhunden sa. (Eg reknar med at eg er den eine rettskrivingsfantekaren her.) Og/å-feil er så vanlege i Språket Vårt (TM) at det ikkje er nokon grunn til å kommentere dette. Dessutan har eg brukt det vesle gangsynet eg er tilgodesett med til å konkludere med at rettskriving får dei med kvalifisert utdanning ta seg av. Og etter å bli omtalt som rettskrivingsfakir ser eg at valet er korrekt.

    Og forøvrig heiter det nova - ikkje nåva. 😀

  7. Proletaren
    Posted 28. juni, 2005 at 21:19 | Permalink

    Eg tykte den å/og-feilen var så sjarmerande at eg ikkje ville kommentere han, men no ser eg at katten er ute av sekken, så då..

  8. drleiv
    Posted 1. juli, 2005 at 13:09 | Permalink

    Når eg skreiv "nåva", så var det på grunn av at festivalbanneret som hang like ved scena på Klopstad forkynte nettopp det; "rock bortom nåva".
    Helsing hårsår.

  9. Posted 1. juli, 2005 at 14:54 | Permalink

    Festivalbanner er, så vidt eg veit, ikkje unnateke rettskrivingsreglane.
    Helsing storm i vassglas.