Førde – Bergen. Reisebrev frå innsida av hovudet.

Etter ei hektisk helg i Førde med bryllaup og vitjing av opphav og svigers på menyen, bar det attende til Bergen. Eg såg ikkje akkurat fram til bussturen, men det ikkje så mange andre alternative måtar å kome seg til Bergen på, så det fekk stå til. Fekk heldigvis sove nesten heile vegen til Lavik, trass i at eg hadde drukke kaffi. På ferja var det som vanleg lang dokø. Eg har som kjent ei av verdas minste blærer og er i tilleg velsigna med kjappe nyrer, så det pressa på. Etter å ha fått silt potetene gjekk eg av gamal vane ned i kafeteriaen. Men eg hadde ikkje lyst på noko. Kika litt i avisstativet, men sundags-VG var ikkje så freistande.


Etter ferja freista eg å få sove att, men det nytta ikkje. Eg hadde no to timar med keisam busstur framfor meg. Utan musikk, mat eller lesestoff. Eg prøvde meg på Nor-Way si blekke som låg i lomma framfor meg, men konstaterte at eg hadde lese alt på vegen til Førde. Framsida var pryda av eit ikkje spesielt pent bilete av Sissy Wish. Inni var det intervju og bilete av Audun Tylden. Resten var reklamer for dansebandfestivalar.
På Matre kom det på ei gamal dame med Dame Edna-briller. Det byrja no å verke i korsryggen og eg forsøkte å justere sitjestilling og sete, men hjelpte lite. I Romarheimsdalen var keiingskurva på topp og panikken var i ferd med å ta meg. I botnen av dalen stoppa bussen der det går veg inn til venstre til Eksingedalen og Modalen. Det går an å kome seg heilt til Vaksdal og derifrå vidare til Bergen. Eg har hatt lyst til å ta den vegen til Bergen ein gong men eg har jo ikkje bil eller sertifikat sjølv. Eg kunne sjølvsagt gått fram til bussjåføren i god tid og spurd han om ikkje han berre denne eine gongen kunne leggje om ruta litt, og ta av til venstre og køyre til Bergen om Vaksdal, slik at eg fekk sjå Osterøya frå nordsida. Men eg tvilar på at det ville falle i god jord. Det er reisande på vegen som skal på, og ruter skal følgjast. Ja da. Nei, det der var nok ingen god ide.
I krysset der kjem det på to jenter i 18-19 års alderen og dei er beggje pene og velkledde. Det er vorte ganske fullt på bussen og den eine vert sitjande ved sida av meg. Når vi kjem til Vikanes dreg ho fram eit runstykkje med ost og skinke. Eg ser at det er heimebakt. Det er ganske mykje ost og skinke på. Og det ser ikkje ut til å vere skinke av den aller billigaste sorten heller. Eg er i grunnen ikkje så svolten, men det såg veldig godt ut. Dersom eg hadda hatt ein termos med noko drikke eller ein kartong jus, eit par krus og litt mot, kunne eg spurd om ho ville ha litt drikke i byte mot ein liten bit av rundstykkje. I staden tenkjer eg at neste gong eg keiar med på bussen så kan eg telje tunnellar. Men no er det for seint.
Det er nok enno ein time att til vi er i byn. Eg funderer på å få i stand ein slags gourmetklubb med blant andre ein psykiaterkollega av min svigerfar. Han hadde lurt på kva som var mine favoritt-appellasjonar og eg sende ein e-post med svar og fortalde litt om kva eg har i kjellaren. Men no som eg skal flytta til Hammerfest, så fell vel planane mine i fisk. Eg får leggje det på is og ta det fram att når eg vert pensjonist.
Ved avkøyrsla til Hindenes og Eknes kan eit skilt forkynne at det er 42 km att til Bergen. Det er same distansen som eit maraton. Men det freistar ikkje å gå av bussen for å springe maraton heim. Klokka er vorten 21 og eg ville truleg brukt 5 til 6 timar og ikkje vore heime før langt på natt. Ikkje har eg joggeskor på heller. Men eg ville ikkje vore i stand til å gå på jobb, og eg kunne sete på kaf heile mandagen.
Eg skriv nokre sms for å få tida til å gå, men det vert ikkje mykje ut av det. Jenta ved sida av meg har minidiskspelar og eg tenkjer at neste gong må eg hugse å ta med min. Sjølv om eg berre har gamal musikk som eg spelte inn då eg fekk meg MD. Eg kunne ha spelt over noko nyare musikk, men det kjem eg alltid på rett før eg skal reise, og då er det for seint. Jenta tek fram eit digitalkamera og byrjar å sjå på bileta ho har teke. Ho har sjølvsagt mobiltelefon og. Eit heilt arsenal av underhaldningsduppedingsar har ho å kose seg med, medan eg sit der med dressen på fanget og kikar ut i regnet.
Rett etter avkøyrsla inn til Sævråsvåg kjem det på nok ei ung jente som truleg skal attende til skule eller studier i Bergen. Ein kavaler har køyrd henne til busstoppet. Dei kyssar og ho får noko i handa av han, før han set seg i bilen og køyrer vekk. Eg tek til å undrast på om det berre er jenter som tek utdanning her i Nord-Hordaland. Men på Flatøy kjem det på tre ungdomar til. og to av dei er gutar. Der fekk dei retta opp litt.
Dei to jentene som kom på i Romarheimskrysset har byrja å prate med kvarandre. Eg høyrer at dialekta er litt påverka av byen. Eg tippar at ho som sit attmed meg går på helsefagleg utdanning. Det må vere det rundstykket. Og så snakkar dei om ein som hadde fått kreft. Det er eit tynt grunnlag men det er no so.
Over midtgangen sit det eit ektepar på om lag 70. Ho får stadig telefon frå nokon som spør kor langt dei er komne. Vi er no heldigvis komne til Sandviken og eg ser enden på visa. Den gamle dama har ein gamal Ericsson mobil inni eit slikt skinnetui med belteklips. Ho har nok fått telefonen av sonen sin. Eg smiler litt av denne gamle telefonen, men vert litt skamfull, for eg ser at ho er framsynt nok til å teke med seg paraply. Eg derimot må traske heim med sumarjakke og tre kolli. I regnet. For vi er komne fram til Bergen. Takk for turen.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

4 Kommentarar

  1. Posted 27. juni, 2005 at 22:38 | Permalink

    Med meg på bussen har eg alltid cd-spelar med om lag ti plater, oftast nokre heilt ferske plater som eg har gledd meg til å høyre, i tillegg til to-tre bøker og nokre aviser. I tillegg har eg av og til ein sjakk-computer og nokre bokstavflax-lodd. Å reise med buss utan å vere førebudd er dumdristig.

  2. drleiv
    Posted 28. juni, 2005 at 13:29 | Permalink

    Det er berre å slå fast at det som er kjedelege bussturar for andre, raskt kan bli god underhaldning for ein sjølv. Men slik er det vel med det meste; den enes død, den andres brød er ein leveregel som er grei å navigere etter.

  3. Posted 28. juni, 2005 at 13:43 | Permalink

    Eg har alltid hatt ein svært introvert stil på bussen for å sleppe å måtte snakke med nokon, som oftast ser eg ut vindauget med musikk i øyra, men når eg tenker etter så hadde det vore morosamt å forandre personlegdom fullstendig ein gong eg tek bussen til Bergen. Eg kunne ha vore ein pratmakar som er uhorveleg oppteken av bil til dømes.

  4. Proletaren
    Posted 28. juni, 2005 at 15:05 | Permalink

    Ja, Båård, prøv det ein gong! Og skriv ein liten sak til dr. Munk. Eg vart ein gong på nattbussen frå Oslo til Førde utsett for ein gjeng russiske damer i trettiåra, som spanderte dårleg tax-free-vin på meg. Sånn i ettertid er det fint å tenkje attende på. Men det var ikkje lett å få sove.