Rock bortom Nåva

Den årvisse Rock bortom Nåva vart igår arrangert på Klopstad, mellom Naustdal og Førde og altså i skjæringspunktet mellom bygd og by. Sjølve festivalområdet ligg idyllisk til med utsikt utover Førdefjorden og med himmelen som tak. Scena var bygd opp på ei låvebru, og publikum kunne gle seg over ei mengde fasilitetar som stolar, bord, toalett, grillmuligheter (og gratis grillmat skulle det vise seg) og presseningar.
Publikum gjenspeilte på ein framifrå måte spekteret av folkesetnaden i Sunnfjord. Frå Jølster stilte ein gjeng unge og entusiastiske musikkelskarar og festløver, frå Gaular kom heile det tunge rockmiljøet, technomiljøet frå Naustdal var sjølvsagt (og heldigvis!) på plass. I tillegg var det tilstrekkeleg mange satanistar på plass til å fylle opp eit heilt bord, og mellom alle desse fraksjonane telte eg ein knallhard "biker" og tre eldre menn med grått hår. Sjølv sat eg i bakgrunnen ilag med andre introverte kulturløver.


Første band på scena heitte "Ukjent". Bandnamnet speila på ingen måte låtmaterialet dei serverte; dei spelte nemleg utelukkande Metallica slagarar. Eg kom ca 20 min ut i settet, men rakk å få med meg Enter Sandman, One pluss eit par andre. Det handverkmessige var det ingenting å seie på, problemet var heilt klart vokalen. Vokalisten låg jamnt over eit par tonar for lågt; så han skal ha ros for sin konsekvens, men særleg vakkert var det ikkje. Men uansett ein bra start på festivalen.

I intermezzoet som fulgte mellom "Ukjent" og neste band serverte DJ Eirik musikalske lekkerbiskner frå ein sjangermessig hybrid som burde tilfredsstille både rocke og elektronika fansen.

Neste "live på låven" var jølsteringane i "Impedansebandet". Bassisten åpna friskt med å seie at trommisen var rykande fersk (3 øvingar), men det låg i korta at han meinte at talent kunne erstatte erfaring. Bandet la seg på ei aggressiv linje i kontakten med publikum. Eg siterer introduksjonen til første låt "Vi skal spele ein fersk Turbonegerlåt. Det kan gå rett til helvete, men eg kunne ikkje gitt meir faen! Vi spelar uansett!". Riktig innstilling.

Bandet dro igang med "All my friends are dead". Det gjekk ikkje rett til helvete, men var på god veg. Igjen var det vokalen det skorta på, spesielt koringa. Men det nyttar ikkje å vere alt for kritisk, "Impedansebandet" synte stor speleglede og tidvis matchande talent. "Leadvocal" var til tider svært bra, iallefall når han konsentrerte seg om dei lågare delane av sitt register. Gitarspelinga var det heller ingen ting å seie på. Bandet spelt mest coverlåtar (RagaRockers, Turboneger, ), men skal ha stor skryt for at dei også serverte egenkomponert. Det er berre å ta av seg hatten for tekstlinjer som "det er laurdag og eg kjenner suget etter alko", "dama var so heise klar for å peise" og "fyllesjuk søndag morgon og mamma roper "fiskekaker til middag".

Sjangermessig gjenspeilte dei eigenkomponerte sangane coverlåtana, men dei hadde eit par låtar som lukta litt stonerrock, eller for å sitere vokalisten "no skal vi spele ein eigenkomponert låt. Den er seig som faen, så det er på tide å ta fram cowboyhatten og drikke whisky i sakte tempo". Alt i alt var det berre å slå fast at "Impedansebandet" klarte seg bra og sørga for ei oppskriftmessig stigning i programmet.

Medan neste band rigga seg til vart det servert meir musikk frå dei emininente DJane. Men det tok ikkje lang tid før dei vart brotne av av sjølve urrockarane frå Gaular i bandet "Nervous Breakdown". Eg kunne kjenne igjen den myteomspunne Steinar Aven på gitar. På vokal var det Roger Olsen. På bass også eit kjent fjes, men eg hugsar ikkje namnet. Trommisen veit eg ikkje kven var, og heller ikkje "leadguitaristen", synd og skam for dei holdt eit veldig høgt nivå. Når bandet kom på scena vart det skikkeleg liv i Gaulargjengen. Den bestod av så og seie heile OBSklassen frå mi tid på Sande skule. Interessant.

Før dei gjekk på scena fortalte Aven meg at dei skule spele mest eigne låtar, men tre cover; to av backstreet girls og "noen og hate", med raga rockers. Som ein skjønar spelte banfdet tung, tung rock, utan nokon form for "feinsmecking". Og det fungerte over all forventning. Eg vil spesielt framheve vokalisten Roger Olsen. Hadde flørta uhemma med homoerotikk, og stilte på scena med tettsitjande svart singlet, skinncaps og solbriller. Vha eit kroppsspråk som ikkje var til å feiltolke lokka han etterkvart fleire damer fram mot scena, og musikken i seg sjølv gjorde at også menn med ei hetrofil haldning til livet lot seg rive med. Olsen sang klokkereint og rått, ein deilig kontrast til kva vi hadde opplevd tidlegare på kvelden. Han meistra dei lyse fraseringane med enkelhet og nesten arroganse, og kunne konsentrere seg opp sitt allereie omtala sceneshow. Ein liten imponerande detalj i så måte var at han opna ølflaskene med tennene og etterpå spytta korkane på publikum. Stemingsskapande!

Bandet var heilt enkelt oppsiktsvekkjande bra, og til og med eg sjølv vart lokka fram mot scena sånn cirka halvvegs i settet. Men ein del av publikummarene gjekk mykje lengre; "die hard" fansen frå Gaular storma fleire gonger scena og klarte på eit tidspunkt å stjele med seg ein mikrofon der dei kameratsleg backa vokalisten med sine primalskrik. Stort!

Men alt tar slutt, og bandet gjekk tom for repetoar. Etter å ha spelt "born to be wild" var stemninga på sitt aller høgaste, og til og med dei finkulturelle NRK folka som var tilstades hadde tatt turen fram til scena. Men bassisten hadde tydelegvis fått nok og pakka brått ned gitaren. Det same gjorde "the leadguitarist" og sjølv om Olsen gjorde det han kunne for å true bandet til å ta ein sang til, ja så var det over. Etter 5 minutt med truslar frå Olsen ("ta ein til då for faen", kom igjen då", "ein til, kom igjen!!!", og taktfaste rop frå publikum om "MERE, MERE, MERE", måtte vi innsjå at Rock bortom Nåva 2005 var over.

Men vi gler oss til neste år!

Sjå også

3 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 26. juni, 2005 at 15:35 | Permalink

    Dette høyrdest fabelaktig ut og minst like bra og underhaldande som i fjor. Kven bryr seg vel om nasjonale størrelsar når ein har Stein(h)ar(d) "Beinhard" Aven!!?

  2. Øystein Bortom Nåva
    Posted 2. juli, 2005 at 17:57 | Permalink

    Det er to ting eg føler for å kommentere.

    1. Eg ser at vår inkosekvente bruk av "o/å" i "nåva" har vore oppe til ein liten diskusjon her på forumet. Det gledar meg å høyre at dette tek opp tida dykkar, så også vi i RockBortom Nåva gjengen har tatt dette opp i eit styremøte. Der kom vi vell kort og godt fram til at vi gir ein lav faen i heile jævla driten. Neste år skal festivalen heite "Råkk bortom Nåvva".

    2. Kjekt å sjå at det i det minste var eit nokonlunde edrueleg mennesje på Rock Bortom nåva. Det kan i allefall verke slik etter å ha lest Leiv Otto sin velformulerte anmeldelse av arrangementet. Takk for den - vi er nokså godt einige:)

    Vi er særs nøgde med tilstelninga. Det var ein plass mellom 80 og 90 personar innom oss, det vart ikkje slagsmål mellom dei ulike (godt beskrevne) grupperingane og vi kunne heller ikkje sjå meir enn ei handfull høgt overstadig berusa personar. Økonomisk gjekk vi meir eller mindre i 0, dersom vi ser vekk frå ein sprengt høgtalar. Kort sagt hadde vi det svært artig, vi fekk gratis øl, hyggelige gjestar som gav oss gode tilbakemeldingar. Med andre ord kjem det sannsynlegvis eit nytt arrangement om eit år.

  3. Posted 3. juli, 2005 at 16:33 | Permalink

    Jeg stemmer nå for Rock rundt hiørnet.

Ei tilbakesporing

  1. Av ufjelg » Rock bortom nova - OPPDATERING den 25. februar, 2008 kl 14:19

    [...] Sjå kommentar her . [...]