Spa og tyskarane sin mangel på sosial intelligens

I starten av denne veka var eg på ein familieutflukt til Loen og hotel Alexandra. Det store målet var bufeen, men møtte opp tre timar før middagen vart servert. Denne tida nytta vi i det nye badeanlegget på hotellet. Eg vart fortalt at for å kunne tiltrekkje seg (rike) turistar frå Europa var det eit must og ha eit såkalla "spa" på hotellet, og hotel Alexandra hadde difor investert 65 millinonar (!) i dette badeanlegget. For denne prisen får ein ei mengde boblebad, dusjar med program som er stilt inn på førehand (ein kan velgje mellom til dømes Tropical Rain, Summer Rain etc etc. Ein kan også velge Polar Rain, men den kan ikkje tilråast!), ulike badstutyper, osv osv. Veldig bra, men eg skjønar ikkje kvifor eg nemner alt dette. For min motivasjon for å skrive dette innlegget er nemleg noko heilt anna.

For då vi kom inn i badeanlegget var det nesten tomt, men eit tysk ektepar i 60 åra var på plass. Og dei gjekk rundt heilt nakne! Det er mogleg at det er min bluferdighet som ikkje er dimensjonert for å kunne kose seg i badeanlegg, men er det ikkje litt drøyt å gå naken omkring i eit meir eller mindre offentleg bad? Til dømes sat eg ved eit høve heilt åleine i badstua når denne tyske dama kjem inn og legg seg godt til rette på øverste benk. Litt overvektig og heilt naken.

Eg er freista til å seie meg samd i min bestefar sitt generelle syn på tyskarane: dei bør halde seg i sitt eige land.

5 Kommentarar

  1. Alex Dancing
    Posted 1. juli, 2005 at 14:57 | Permalink

    Måndagar er naturistdag på Hotel Alexandra.

  2. Posted 2. juli, 2005 at 09:59 | Permalink

    Kvifor spurte du ikkje om vi kunne få låne eit hus i Tyskland under fotball-vm neste år?

  3. snorre b
    Posted 2. juli, 2005 at 12:13 | Permalink

    På ferie i Mallorca såg eg eit eldre par som pøvde å gjennomføre eit slags samleie ute i vatnet berre 20-30 meter frå stranda. Sikkert tyske dei og. Trur forresten nokre av desse tyskerane er oppmuntra av Wenche Myhres verselinje " når man blir seks-og-seksti først da tar livet til - når man blir seks-og-seksti da gjør man som man vil". Ho er tross alt nokså populær der nede.

  4. Posted 5. juli, 2005 at 23:51 | Permalink

    På ein av mine tysklandsturar forvilla eg meg inn i hotellets fellesbadstu - til mi store forskrekking sat alle i klissklassen - det vart meir klamt enn det brukar vere i slike damprom. Så snart eg hadde fått orientert meg om kor utgangen var, forsvann eg ut dit og noterte meg at tyskarar truleg hadde eit litt for naturleg forhold til sin eigen - og andre sine kroppar.

  5. Torbjørn
    Posted 17. august, 2005 at 00:43 | Permalink

    Har vært i Tyskland og Østerrrike ved flere anledninger hvor jeg også har besøkt offentlige badeanlegg. Jeg synes at deres omgangsform med menns og kvinners nakenhet sammen i badstuer (og tidvis også i bassengene) i slike anlegg er best. Jeg mener at vi her i Skandinavia kan lære av deres mer uanstrengte forhold til nakenhet.