Nett-tips

For dei av dykk som ligg under for den søte kløe, så kan eg fortelje at Roy Hersh, som har hatt gåande eit newsletter for portvin, no har fått opp ei ny og oppgradert side for si interesse som er portvin og madeira. For the love of port er nok av dei betre sidene om portvin på nettet. Her er det mykje flott info og engasjement, og det er gratis. (For dei som investerer borna sin arv i essensen av pinot noir så har Allen Meadows eit newsletter for Burgund, men det kostar 110 dollars i året. Men så er nok godaste Allen ein av dei mest kunnskapsrike på Burgund.) Sida kan verke noko elevert for den uinvidde, men det vil nok kome eit lite introduksjonsprogram for portvin her på Doktor Munk i den næraste framtid. Det har i allefall Håvard truga med opp til fleire gonger.

Og hugs:

"Livet er for kort til ikkje ein gong i blant å svi av nokre lappar på ei flaske av aller høgaste kvalitet"

- Ukjend -

Sjå også

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 19. august, 2005 at 11:27 | Permalink

    Den som ventar får smake! Det blir sjølvsagt eit introduksjonsprogram for portvin, men det må bli litt meir haust først, sidan tida for friske sherryar framleis ikkje er over for i år.

    Eg er så absolutt samd i sitatet du har funne fram!