Nytt album frå Neil Young

Neil Young har overstått hjerneoperasjon og gir ut sitt nye album 20. september. Det skal heite Prairie Wind. Mine forventningar er noko avmålte etter det svake Are you passionate? og det respektable Greendale.

Sjå også

3 Kommentarar

  1. Endre Lunde
    Posted 20. september, 2005 at 19:04 | Permalink

    Eg har høyrt Prairie Wind 10 gangar no. Ikkje ha for store forventningar. Førsteinntrykket er ei pen, men kjedelig plate. Men......... i går satt plata... arrangementa er smakfulle, detaljar i lydbilde som kjem gradvis fram.... det er ei plate for rolege stunder, helst med høyreklokker.. melodiane er enkle, men effektive. Den er i same gate som Harvest Moon og Silver & Gold, eg synst Harvest Moon er meget bra, men Praire Wind har ei lettheit over seg som eg faktisk likar vel så godt som det melodiøse, men litt "tung" arrangerte Harvest Moon . Silver & Gold høyrest uvørent ut i samanlikning. Prairie Wind er kanskje NY si mest velproduserte plate til dags dato. Men som sagt..ikkje ha forventningar, la plata oppdage deg.

  2. Posted 20. september, 2005 at 21:09 | Permalink

    Hmm. Det høyres ikkje så verst ut det. Eg likar forsåvidt Silver & gold ganske godt. Dei beste platene til Neil er etter mi meining On the beach, Zuma og Everybody knows this is nowhere.

  3. Posted 22. september, 2005 at 13:46 | Permalink

    Ellers så er Martin Scorsese sin nyaste film, dokumentaren No direction home, som omhandlar byrjinga av Bob Dylan sin karriere, i hyllene. Den har fått strålande omtaler etter det eg har sett.