Ei konsertliste – Bergen

Eg har fått mailboksen min full av klager på den tynne konsertlista, så her følgjer ei oppdatert utgåve:

Det er haust og ein kan og bør kose seg med kvalitetsmusikk. Her følgjer eit ørlite utval av kva ein kan klare å gå glipp av dersom ein prøver eller ikkje bur i Bergen:

01.09 - Novgorod - Kamelon - Våre favorittar frå Real Ones spelar ikkje gospel denne gongen, men "etnisk populærmusikk fra 50- og 60-tallet fra Finland, Russland og andre østersjøland; finsk swinghumppa, jiddisk tango og russisk sigøynersang". Bandet består av to blad Chelsom Vogt, Jørgen Sandvik og Gabriel Fliflet. Eg trur vi snakkar om eit høgdepunkt her.
03.09 - William Hut - Festplassen - No også med eit kledeleg countryansikt (Hut, altså).
03.09 - Serena Maneesh - Kvarteret - Skosnute-rock med internasjonalt snitt (kremt!) frå popkonossøren Emil Nikolaisen (tidl. The Loch Ness Mouse).
05.09 - Geoff Berner (support Leiv Reed) - Kamelon - Galimatias på trekkspel som spelar klezmerpop.
10.09 - Silverbullit - Kvarteret - Rock? Javisst!
11.09 - Drive by truckers - Kamelon - Skiten bensinrock gjev påfyll til rockefoten direkte frå dei amerikanske sørstatane - Georgia.
12.09 - Magic Numbers - Garage - Fabelaktig pop med 60-talet malt i fine fargar på tangentane.
15.09 - Datarock - Hulen - Fafafafafafafafa! Ikkje like tøft som Talking Heads, men fanden så nær!
16.09 - Doktor Kosmos - Bulen Hulen - Sosialdemokratisk progrock frå Malmø.
28.09 - Moneybrother - Kvarteret - Svensk Bruce Springsteen spelar finslegbasert rock med særs gode melodiar (sjekk ut hiten Blow him back into my arms)!

Sjå også

10 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 16. august, 2005 at 23:32 | Permalink

    Og eg gløymde sjølvsagt Real Ones på Hulen den 26. august.

  2. Posted 17. august, 2005 at 22:27 | Permalink

    du kunne jo gått inn å redigert postinga slik at real ones-konserten hadde kome med i lista..

    men det er jo kjekt at nokon kommenterer..

  3. hvrd
    Posted 18. august, 2005 at 07:28 | Permalink

    Sjølvsagt kunne eg det, men eg valde å la vere - og det valet må eg berre ta konsekvensane av.

  4. Proletaren
    Posted 24. august, 2005 at 09:43 | Permalink

    Ettersom eg no bur i Hammerfest, ein stad utan musikksmak, tykkjer eg det skal vere stokkeslag for dei som bur i Bergen og ikkje får med seg 50% av desse konsertane..

  5. Posted 29. august, 2005 at 21:06 | Permalink

    Drive by truckers har ein finfin versjon av Dylan sin Like a rolling stone på plata som forfølger siste nummerav Uncut. Dylan sjølv har konsert i Spektrum 18. oktober i år.

  6. SusieQ
    Posted 31. august, 2005 at 17:15 | Permalink

    Det er iallefall tydeleg at dei som har satt opp konsertprogrammet ikkje har tatt noko som helst omsyn til at det er arbeidsdagar, tidlege møter osb sånn midt i veka for oss andre vanlege, dødlege. Er det nokon som kan hjelpe meg med nokon triks slik at eg kan gå å høyre galematias på gitar, drikke øl og likevel komme meg på jobbmøte dagen etter?

    Men skal no iallefall på Datarock! og det gledar meg fa-fa-fa-fa** så til!!!!!!

  7. SusieQ
    Posted 31. august, 2005 at 17:17 | Permalink

    Galematias på trekkspel meinte eg å skrive. Like greit at eg kommenterer det sjølv, så slepp nokon andre.

  8. hvrd
    Posted 31. august, 2005 at 18:20 | Permalink

    Triks 1: Flexitid. Dette er sjølvsagt vanskeleg når ein skal i møte.

    Triks 2: Middagskvil.

    Triks 3: For vidarekomne: Min kontorkompanjong, som er ein ringrev med mange års fartstid, plar seie følgjande: Han kan sove lenge, han som er kjent for å komme tidleg. Trikset er altså å komme kl. 7 kvar dag den første månaden. Etter det kan du komme rekande i titida utan at nokon rynkar på nasen då alle kjem til å tru at du berre har vore ute eit lite ærend.

  9. Proletaren
    Posted 31. august, 2005 at 19:38 | Permalink

    Etter fire år i Bergen der eg måtte stå opp 0530 kvar dag, har eg etter kvart fått litt røynsle på området. Eg har fått med meg ganske mange konsertar sjølv om eg har hatt arbeidsdag dagen etter. Middagskvil kan funke ganske bra. Dersom det er sein konsert kan ein til dømes sove frå åtte til halv elleve og vere klar på konsert 2300 og gå heim ganske seint. Ei anna løysing er å gå på presumtivt gode konsertar i veken og ikkje drikke så jysla mykje og heller "ta han ut" på konsertar i helgene.

  10. SusieQ
    Posted 1. september, 2005 at 12:44 | Permalink

    Takkar så mykje! Det aller sistnemnte er jo det ideelle, og hadde eg klart det så ingen problem. Middagskvil er løysinga.

    No mista eg plutseleg litt respekt for desse på kontoret her som kjem 05.00 og 06.00. Dei er sikkert drevne på området.

    Rock on.