The Posies – utan straum

To timar etter annonsert tidspunkt kom Ken Stringfellow og Jon Auer frå The Posies til platesjappa Apollon. Med spøkar om tollarar hvis hender hadde vore både her og der, introduserte dei ein halvtimes akustisk slagerparade. Siste halvdel vart hovudsakleg brukt til å oppfylle ønskje frå, det langt over snittet tolmodige, bergenspublikumet. Vi fekk høyre nokre låtar frå den nye plata og eit par klassikarar, samt ein låt som visstnok var ein cover av Hüsker Dü (utan at eg på nokon måte kan verifisere det). Verdt å vente på var det iallfall.

The Posies @ Garage - Bergen

Sjå også

Ein kommentar

  1. Posted 16. november, 2005 at 22:59 | Permalink

    Fekk *nesten* med meg dette, synes to timar var litt i lengste laget - hadde det vore Teenage Fanclub hadde det kanskje vore verd det. Fint bilete!