Dei beste platene i 2005

Sjølv om det er fleire personar som er meir musikkkyndige enn meg her på Doktor Munk, tek eg sjansen på å meine noko om årets plater. Eg har tross alt brukt store delar av 2005 til å lytte til musikk. Dette er dei beste platene som kom ut i året som gjekk.

20
Brendan Benson
The alternative to love

19
Siver jews
Tanglewood numbers

18
The boy least likely to
The best party ever

17
Wilco
Kicking television

16
Paul McCartney
Chaos and creation in the backyard

15
Neil Young
Prairie wind

14
Okkervil river
Black sheep boy

13
Ryan Adams
Jacksonville city nights

12
The magic numbers
The magic numbers

11
Devendra Banhart
Cripple crow

10
Ryan Adams & the cardinals
Cold roses

Denne fyren er ikkje snauare enn at han kom ut med tre studioalbum i løpet av året. Det første var Cold roses, og den er nok det beste av dei tre (i skarp konkurranse med Jacksonville city nights). Dette er ei plate med tydeleg country-stempel, og den er dominert av fine ballader. Best er åpningsspora Magnolia mountain og Sweet illusions. Enkelte andre spor er noko svake, men vi får servert mykje kvalitet frå Adams denne gongen.

9
My morning jacket
Z

Interessant syntese av moderne elektropop a la Radiohead og meir tradisjonell rock. Det tar litt tid før det byrjar å svinge av denne plata, med frå spor 4 er det rock & roll.

8
Clap your hands say yeah
Clap your hands say yeah

Dette bandet frå Brooklyn produserte visstnok denne plata sjølv, og la ut lydfiler på internett som etterkvart vart snappa opp. Etterkvart nådde hypen latterlege høgder før dei inkasserte heile 9.0 hjå pitchfork. Uansett er dette ei glimrande plate med kule rockelåter, som avslører ein viss slektskap til band som Built to spill og Arcade fire.

7
The Decemberists
Picaresque

Decemberists lagar ein slags maritim mix med iøyrefallande og fengande poplåtar og meir sære innslag som kan minne ein del om Neutral milk hotel. Dette er det tredje albumet til bandet, og det held om lag same høge nivå som det forrige, Her majesty.

6
Calexico/Iron & wine
In the reins

To interessante band slår seg saman og lagar ein halvtime med godlyd på denne plata. Interesant er det og at resultatet framstår som kanskje betre enn noko dei har laga kvar for seg. Songane er komponert av Sam Beam frå Iron & wine.

5
Bob Dylan
The bootleg series vol. 7: No direction home

Det er ikkje så enkelt å vurdere songar som ein har hørt i utallege versjonar før, og etter kvart har det komme ut mykje liveopptak og alternative versjonar frå Dylan. Dette er eit soundtrack frå den framifrå filmen No direction home, som inneheld både liveopptak, demoversjonar og alternative versjonar heilt frå den spede byrjinga av Dylan si karriere. Plata byrjar med When I got trouble som er eit opptak frå 1959, og kanskje det aller første opptaket av Dylan nokon gong, og sluttar med ein legendarisk versjon av Like a rolling stone frå 1966. Ellers så er det så mykje snadder og så mange råsterke og interessante versjonar på denne plata at den er eit must for alle som likar Dylan.

4
Sufjan Stevens
Illinoise

Sufjan serverer ein rikholdig meny på denne plata om staten Illinois. Eg meiner å ha lese at han sjølv trakterer om lag 25 instrument på plata. At dette er ein talentfull fyr er ialllefall sikkert. Musikalsk femner plata om ei rekkje sjangrar, men i botn ligg alltid nydelege harmoniar og poplåtar av godt kaliber. Med sine 22 spor og utrulege variasjonsbreidde, er dette ei plate du kan lytte lenge på utan å gå lei, så om du berre skal med deg ei plate inn i 2006 er det eit heitt tips.

3
Hal
Hal

Desse gutane har turnert ein del saman med The magic numbers i år, men dei leverer eit langt meir heilstøpt album enn kameratane. Hadde Brian Wilson laga denne plata i 1967 hadde han slått The Beatles og Seargeant Pepper's lonely hearts club band ned i støvlene. Irske Hal platedebuterte i år med sin sjølvtitulerte plate, og serverer på den vidunderlege pop-perler på løpande band. At inspirasjonskjeldene er mellom andre The Beatles og Beach boys er lett å høyre, men Hal set sin eigen tydelege signatur på plata. Dette er uimotståeleg musikk som vil få deg til å danse og syngje.

2
Bright eyes
I'm wide awake, it's morning

Sjølv om han berre er 25 år gamal har frontfiguren i Bright eyes, Conor Oberst, allereide rukke å gi ut heile fem studioalbum. Kvaliteten har vore opp og ned, men med denne plata har han laga sitt desidert beste album til no.
Som med eit anna ungt og produktivt tallent, Ryan Adams, er Bob Dylan og Gram Parsons blandt dei viktigaste inspirasjonskjeldene for denne karen. Låtane på plata ligg tett opp til popsjangeren, men med ein liten touch av country. Tekstane, som held eit jamt høgt nivå, dreier seg om baksida av det glamorøse jetset-livet, om dagen derpå, og om søken etter verkeleg meining mellom drinkar og kule festar. Conor framfører tekstane på ein desperat, skjelvande og sprekkeferdig måte som om ikkje anna fjernar all tvil om korvidt han meinar alvor med dette. Emmylou Harris har tre flotte vokalbidrag på plata.

1
Antony and the Johnsons
I am a bird now

Dette er ein sensajon av ei plate, og ein verdig vinnar av årets Mercury award. Om ein ser bort frå den litt merkelege og svært svulstige falsett-vokalen til Antony, er musikken litt i slekt med dei finaste pianoballadane til Nick Cave, slik vi finn dei på The boatman's call. Vi snakkar om mørke, melankolske og svært vakre melodiar, nydeleg arrangert og framført med stort patos. Vokalen tar det litt tid å venne seg til, og det kan også ta litt tid å bli fortruleg med ein mann som syngjer tekstliner som dette:

One day I'll grow up, I'll be a beautiful woman
One day I'll grow up, I'll be a beautiful girl

But for today I am a child, for today I am a boy
For today I am a child, for today I am a boy

Kjem ein seg over desse hindera er belønninga stor.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

4 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 16. desember, 2005 at 08:01 | Permalink

    Strålande liste, Bårdy! Du har definitivt brukt tida fornuftig. Eg er stort sett samd i det meste, og trur nok ikkje mi liste ville vore så ulik, men eg ville nok hatt med både Trials & Error og What comes after the blues med Magnolia Electric Company, samt Josh Rouse si Nashville. Dessutan fekk eg Thomas Denver Johnsson si Barely touching it for ei vekes tid sidan, og den trur eg nok g burde vere på ei eller anna liste...

    Eg er ikkje samd i at In the reins er betre enn det Calexico og Iron & Wine har gjort kvar for seg. Dei spelar forøvrig på Rockafella 1. mai.

    Og for dei som ikkje har fått det med seg: Proper pop-gruppa på last.fm produserer statistikk som berre det: http://www.last.fm/group/Proper+pop/charts

  2. baardemann
    Posted 16. desember, 2005 at 10:16 | Permalink

    Det har jo komme ok album frå artistar som Josh Rouse, Magnolia e c, Super furry animals, The mountain goats, The rolling stones, Animal collectice, Bonnie Prince Billy, Drive by truckers, Son Volt, CocoRosie, Vashti Bunyan, Elbow, Pernice brothers, British sea power, The national og mange fleire, og eg har kanskje ikkje gitt alle like mykje tid på spelaren, men det skal jo litt til då. Det er no dei her som har festa seg. Har forresten forsøkt å få tak i noko av Thomas Denver Johnsson ei tid, men eg har ikkje fått det til.

    Eg er ellers ikkje så overraska over at du likte lista. Du har jo anbefalt fleire av platene. Iallefall nr. 14, 12, 7 og 3 viss eg hugsar rett, og kanskje endå fleire.

  3. hvrd
    Posted 16. desember, 2005 at 10:26 | Permalink

    😀 Du er oppdatert, må eg sei! Når det gjeld TDJ, trur eg nok du rett og slett må opne lommeboka (det er absolutt verdt det). Eg vil tru at cdon har den.

  4. Jons
    Posted 18. desember, 2005 at 18:45 | Permalink

    Dette var en flott liste må jeg si. Her er det meste av det jeg selv har kost meg med i totusenogfem. En plate jeg savner er imidlertid Wolf Parades - Appologies to the Queen mary. Denne er mildt sagt strålende.