Årets beste film

Ein ungarsk film om t-banekontrollørar, høyrest ikkje umiddelbart ut som ein superidé. Men for meg var dette den beste filmen eg har sett i år! Kontroll heiter han og er regisert av Antal Nimrod. Dette var visst debutfilmen hans. Og for ein debut! Filmen fekk 5 i Aftenposten, 6 i BT og 7,7 på IMDB.com. Har du ikkje sett han, så skaff på DVD!

Sjå også

3 Kommentarar

  1. Posted 17. desember, 2005 at 14:03 | Permalink

    Takk for tipset! Den får 7.2 på Metacritics, noko som forøvrig er det samme som Charlie og sjokoladefabrikken, A beautiful mind, walk the line og bowling for columbine får. Den utruleg dårlege kalkunfilmen danser med ulver får og 7.2 ser eg, men det er sikkert berre ein glipp.

  2. drleiv
    Posted 19. desember, 2005 at 20:08 | Permalink

    Apropos dårlege filmar som får gode karakterar; eg vart lurt til å sjå Kiss, Kiss, Bang, Bang. I retrospekt er det ikkje vanskeleg å innrømme at berre tittelen burde vere nok til å forstå at det hadde vore ei betre invistering å sette billettpengane (90kr) i pyramidespel. Men filmen fekk 5 i dagbladet, dagsavisen og NRK, og eg leste setningar som "går Tarantion en høy gang". Eg var framleis i tvil, men når Per Haddal i Aftenposten også gav den ein OK omtale tok eg sjansen. Ei grov feilvurdering. Filmen er heilt elendig, kan ikkje komme på ein einaste kvalitet (får rettnok sjå ein naken dame). Plottet er heilt uforståeleg og dumt, karakterane heilt uinteressante og dialogen krampeaktig. Den dårlegaste filmen i 2005? Eg såg forøvrig tilmen i lag med to filmkyndige kameratar og dei hadde same konklusjon.

    Menmen, no er snart alt gløymt for eg skal gå ut å høyre på Datarock og Ungdomsskulen på Mono.

  3. Posted 19. desember, 2005 at 20:20 | Permalink

    Apropos dårlege filmar så finst det jo ein tv-kanal som har spesialisert seg på dårlege filmar, nemleg Hallmark. Alle filmane på denne kanalen er variasjonar over eitt tema: Ei ganske vellykka middelklassemor opplever det marerittet det er at tenåringsdattera blir kreftsjuk. Filmen ser ut til å få ein tragisk utgang dei første ti minutta, men så kjemper dattera seg mirakuløst tilbake og filmen kan kulminere med at ho blir ein stor lokalhelt når ho vinner den lokale turnkonkurransen medan mora står tårevåt og ser på.