Portvin og kva den kan brukast til

Det vert sagt at raudvin er for gutar, medan portvin er for menn. I denne artikkelen hoppar vi galant over å disktuere d�t, men prøver istaden å gje ei kort innføring i kva portvin er og korleis ein kan få mest mogleg glede ut av ei flaske, og forhåpentlegvis fleire. Artikkelen er mynta på deg som er nyfiken, men ikkje veit kor du skal starte og for deg som kanskje har prøvd deg på eit glas eller to men kanskje vart litt skuffa. Bli med vidare, vi trur du kjem til å få eit par aha-opplevingar.

Portvin er ein sterkvin (=heitvin) som vert produsert i Dourodalen i det nordlege Portugal. Namnet kjem av byen Porto der den vart skipa vidare til portvinselskarar i t.d. Storbritannia. Vinen vert tilsett brennevin (vanlegvis brandy - som er destillert frå raudvin) slik at gjæringa stoppar. Dette vart opprinneleg gjort for å konservere vinen, medan det idag vert gjort for å lage sterkvin.

Det mest forvirrande for ein nyfiken nybyrjar er alle dei ulike typane. I det følgjande fokuserer vi hovudsakleg på typane tawny, vintage og late bottled vintage (LBV). I tillegg finst typane white og ruby.

Tawny er den vanlegaste typen og den mest nybyrjarvenlege, både kva pris, kvalitet og smak gjeld. Tawny er ein blanda (blended, altså) vin som er relativt lys på farge, ein farge som kanskje kan kallast gylden-brun. Denne fargen får den etter fleire års lagring på fat, vanlegvis ca. 10-20 år (dvs. den gjennomsnittlege alderen på vinane i blandinga). Sidan vinen har vore lagra på fat, har den oksydert ("rusta") over tid, og den toler difor å stå på ei opna flaske ei stund (ein til to månader).

Anbefalte tawny:

Vintage vert laga av dei beste druene i dei beste årgangane, altså ikkje kvart år. Vinen vert fatlagra i to år før han vert lagt ut for sal. Vintage kan lagrast lenge og bør liggje 10-15 år. No har det i dei siste åra vorte meir vanlig å lage vintage slik at han også kan drikkast heilt ung. Det finst ein del gode kjøp i 1997, 2000 og 2003-årgangane. Vintage held seg ikkje så godt etter opning og bør drikkast same dagen flaska er opna.

LBV er ein fin introportvin. Den er som regel drikkeklar ved lansering og har litt av vintage-stilen i seg utan å måtte vente på lagring i 20 år. Han er fatlagra i fire år og flaskelagra i to år før sal. Dei som ikkje er filtrert er ofte dei beste. Då står det "unfiltered" eller "traditional" på etiketten. LBV kan vere drikkande opptil ei til to veker etter at flaska er opna. Vinen vil tape seg litt, men sett på korken og ha flaska i kjøleskåpet.

Anbefalte LBV:

Server portvin i litt høge tulipanforma glas som er ganske smale ved ca 14-16 grader. Dersom flaska er romtemperert, legg ho ein halvtime i kjøleskåpet.

Portvin kan gå bra til mørk sjokolade og dessertar av sjokolade. Det er også jysla godt til ein stram blåmuggost. Tawny portvin er også fint til neter og tørka frukt

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

2 Kommentarar

  1. Jons
    Posted 23. desember, 2005 at 15:34 | Permalink

    Kjøpte en Churchills 10 år tawny idag. Noen som har vært på? Passer den til sirupsnipper?

  2. proletaren
    Posted 23. desember, 2005 at 23:04 | Permalink

    By all means, do try! Men kvifor stoppe der, Jo? I og med at den heiter Churchill må den jo passe bra til bøker og sigar (og bombetokt?) også! 😉