Telefonseljarar

Medan eg ventar på å starte i turnus i Førde har eg all tid i verda. Mellom anna har eg god tid til å snakke med telefonseljarar. Følgjande samtale fann stad på føremiddagen i går:

Telefonseljar: Hei. Jeg ringer frå Eurovisa og dette er ikke et forsøk på å selge deg noe som helst.
Eg: Eg skjønar.
Telefonseljar: Men mot at du betaler porto på 40 kr vil jeg gjerne få tilby deg en gratis prøvepakning på blåbærekstrakt. Hva vet du om blåbærekstrakt?
Eg: Lite.
Telefonseljar: Blåbærekstrakt er faktisk bakteriedrepende og virker spesielt bra på bakterier i magesekken som forårsakar magesår.
Eg: Tenkjer du på Helicobacter Pylori?
Telefonseljar: mmhmm
Eg: Men det er jo ikkje alle som har denne bakterien i magesekken, så for dei er det vel ikkje noko poeng i å bruke blåbærekstrakt?
Telefonseljar: Jo, for blåbærekstrakt virker også på bakterierer som forårsaker forkjølelelse.
Eg: Men forkjølelse er jo forårsaka av eit virus og ikkje bakterier.
Telefonseljar (litt nølande): Men blåbærekstrakt virkar på virus også.
Eg: Det er imponerande! Kan du forklare meg korleis?
Telefonseljarar (plutseleg svært irriterert): ÅÅÅHHHHHHH!!!!

Og brått vart telefonsamtalen avbrutt. Eg sat igjen med ei god kjensle og kunne tilfreds loggføre Leiv Otto - Telefonseljarar : 1-0.

Sit spent og ventar på neste motstandar....

4 Kommentarar

  1. trudelutt
    Posted 2. februar, 2006 at 19:23 | Permalink

    Fantastisk!!! Håper fleire ringer! :DD

  2. SusieQ
    Posted 3. februar, 2006 at 13:50 | Permalink

    Eg føyar meg i rekka. Fantastisk! kjenner eg faktisk er i gledesrus over seieren 🙂

  3. Proletaren
    Posted 3. februar, 2006 at 16:39 | Permalink

    Heia Leiv! Heia Leiv! Dette var topp underhaldning! Vonar på fleire sleivspark og stupheadingar frå den kanten!!

  4. Rask
    Posted 13. februar, 2006 at 10:03 | Permalink

    En annen måte å bli kvitt telefonselgere på er å la være å høre etter.Etter å ha blitt presentert for alle fordelene med et eller annet, lot jeg være å svare. Telefonselgeren sa hallo, jeg sa hallo, telefonselgeren la på røret.