Vekas låt: Belle & Sebastian – Another Sunny Day

Skottane i Belle & Sebastian har nett servert si seinaste plate, The Life Pursuit, og eg ser ikkje anna utveg enn å kåre spor nummer to, Another Sunny Day, til vekas låt. Den er ein fabelaktig countrypoppar med det nydelegaste gitarspel og herleg koring ifrå mai til august. Og som ikkje det var nok, dei held fram i same tralten - med pop som eg nesten er tru(g)ande til å kalle "livsbejaande". Vol opp volumet!

6 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 7. februar, 2006 at 21:43 | Permalink

    Apropos hitlåtar; du nemnde for ikkje så lenge sidan noko om ein låt innan elektronikasjangeren som sannsynlegvis ville gjere furore på dansegolva i nær framtid. På vegne av alle oss som likar å liggje i forkant vonar eg at du kan leggje ut namn på låta!

  2. hvrd
    Posted 7. februar, 2006 at 22:43 | Permalink

    Shake the doom med Jachoozi var strengt tatt vekas låt for to veker sidan, noko eg sjølvsagt ikkje burde halde for meg sjølv. Høyr den på myspace.com
    Eg tek atterhald når det gjeld dette med furore og dansegolv, men under gitte tilhøve (t.d. høgt volum) rockar den ekstremt.

  3. Jons
    Posted 9. februar, 2006 at 09:29 | Permalink

    Skal ikke bestride at Belle & Seb er ukas låt, men tillater meg å tipse om en god andreplass for denne uka. Morrissey kommer med nytt album primo april, Ringleader of the Tormentors, med Tony Visconti (David Bowie, T-Rex etc.) i produsentstolen. Formannen i The Smiths gjorde et finfint sprang tilbake på iPodene til påtatt triste unge menn i 2004, og første smakebit fra nyplata er nå tilgjengelig. You Have Killed Me finnes her: http://music.myspace.com/morrissey
    Strengt tatt en slik låt som Mr. Morrissey kunne ha skrevet i søvne, men medioker Morrissey er fortsatt god saus spør du meg. Minner om konsert på Sentrum Scene 6. April. Billetter i salg fra førstkommende lørdag.

  4. baardemann
    Posted 12. februar, 2006 at 15:34 | Permalink

    No har eg hørt på Belle & Sebastian. Finfin låt og bra plate.

  5. Posted 12. februar, 2006 at 15:49 | Permalink

    Apropos Morrisey så høyrer eg for tida mykje på ein kar som tydelegvis kan sin Morrisey, nemleg Jens Lekman og plata Oh You're So Silent Jens. Veldig bra plate.

  6. hvrd
    Posted 1. mars, 2006 at 21:00 | Permalink

    No har eg endeleg fått somla meg til å lytte til Morrisseyen og kan vel ikkje anna enn å sei meg samd med J her.