Konsertomtale: Muddy Mojo på Bahran

Det var stinn brakke og stormande jubel då duoen Muddy Mojo, beståande av Per Berg og Ronny Fimland, entra scena på Bahran laurdag 18. februar. Karane har øva intenst dei siste vekene og det var knytt stor spaning blandt dei 30-40 tilhøyrande om dette hadde vore vel investert tid.

Eg avslørerer det først som sist: Alle forventningar vart innfridde, og vel så det. Dei fleste låtane satt som spikra. Vi fekk høyre ei mengd nye låtar, deriblandt fleire med banjokomp. Desse var av svært høg kvalitet, noko som sjølvsagt varma eit ungt bluegrasshjarte. Vokalen var det heller ingenting å utsetje på. Båe to syng særs bra, og når dei er i det fleirstemte hjørnet (som dei ofte er), sit det som eit skot mellom øyra.

Musikalsk befinn Muddy Mojo seg i blues- og countryland, det som ofte vert referert til som roots. Dei spelar stort sett eigenkomponert materiale, men denne gongen med eitt unntak: ein framifrå bluesversjon av Neil Young sin "Rockin' in a free world".

Publikum likte utvilsomt det dei høyrde og såg, og tovegskommunikasjonen mellom band og publikum heldt forbausande høg kvalitet. Det heile toppa seg då Mojoane presenterte ei oppsummering av siste vekes avisskriveri om konserten. (Eit døme på dette finst på BT.no sine sider)

Det må også nemnast at Muddy Mojo ikkje går av vegen for å sparke litt oppover. Fleire av låtane har klare politiske undertonar og t.d. Charlton Heston og foreininga hans, National Rifle Association får gjennomgå i låten med same namn.

Konserten vart avslutta med ei drivande og god framføring av klassikaren (aka "den første Muddy Mojo-låten") Train song. Publikum var på grensa til ekstase og dei av oss som trudde vi kunne teksten sang med.

Muddy Mojo spelte følgjande fabelaktige låtar:
Intro
Break the law
Oh lord take my blues away
Grim reaper
Black man
National Rifle Association
Red Kentucky sun
Dead leaf
Shameful eyes
Jimmy's little daughter
Saloon ->
Rockin' in a free world
Train song

Merknad: Gå til festivalen Lost Weekend sitt webforum for å lese fleire kommentarar om konserten.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

2 Kommentarar

  1. Posted 22. februar, 2006 at 11:41 | Permalink

    Dette høyres bra ut! Får ein fleire sjansar til å få med seg denne fantastiske duoen?

  2. Espen
    Posted 1. mars, 2006 at 15:50 | Permalink

    Muddy Mojo skal varme opp for Love Hungry Men på Teknikerkroen 17. mars. Jeg er der!
    Jfr.: http://www.lovehungrymen.com/index.php?page=events