Sufjan Stevens i Oslo

Den ikkje ukjende Sufjan Stevens gjestar Sentrum Scene tysdag 14. november. Til dei som har høve til å ta turen: møt opp! "Come on feel the Illinoise" var fjorårets beste plate, og det er ikkje berre eg som meiner det..

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

20 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 3. oktober, 2006 at 22:34 | Permalink

    Opp med ei hand dei som har billett!

  2. Kaz
    Posted 4. oktober, 2006 at 00:12 | Permalink

    Eg lyt vel melde meg her. Nokre goder skal det vere knytta til å bu i Oslo. I tillegg skal eg sjå Lloyd Cole og Yo La Tengo i haust. Lemonheads lyt eg vurdere, men med ein humørsjuk Evan Dando veit ein vel aldri kva ein får.

  3. hvrd
    Posted 4. oktober, 2006 at 10:32 | Permalink

    Du altså! Og dagen før YoLa er det Sparklehorse. Kva med Ryan A.? Det er ikkje kvar dag ein får servert powerpop av Dando-kvalitet utanfor stovedøra, så det bør du nok få med deg!

  4. hvrd
    Posted 4. oktober, 2006 at 10:33 | Permalink

    No såg eg at Lemonheads spelar dagen før Sparklehorse. Det er det verste eg har sett sidan Brå brakk staven.

    Vi bergensarar må klare oss med Woven Hand, Damien Jurado, Motorpsycho og The Essex Green i haust. Greit nok...

  5. Kaz
    Posted 4. oktober, 2006 at 20:41 | Permalink

    Ryan Adams har eg aldri høyrt på, det får heller vere mitt problem. Damien Jurado skal eg kanskje på. Han har forøvrig nyleg spelt inn flotte, dog lite oppfinnsomme, versjonar av Nick Drake-songar. The Essex Green lyt du fortelje meir om. Dando og karane spelar ein kveld det passar meg dårleg, det kjem an på når dei byrjar spele.

  6. Proletaren
    Posted 4. oktober, 2006 at 21:14 | Permalink

    hm.. vi i Hammerfest får nøye oss med 3x Marte og Geggen Mauno..

  7. hvrd
    Posted 5. oktober, 2006 at 00:10 | Permalink

    Kva er det du seier? Ikkje høyrt på Ryan? Gosjameg og gåmann!

    Eg har to albums med Jurado, og det er verkeleg bra saker. Singer/songwriter-aktig, men lydmessig og stemmemessig minner han litt om Jason Molina (Magnolia El Co og Songs Ohia). Får håpe han stiller med fullt band!

    Essex Green er glad pop og både dei og andre artistar kan prøvelyttast og kjøpast på her (ALARM, REKLAME): http://www.emusic.com/artist/11532/11532842.html

  8. Kaz
    Posted 5. oktober, 2006 at 15:42 | Permalink

    Eg lever i den trua at Ryan Adams er fattigmanns både det eine og det andre. Du må gjerne freiste å omvende meg, men eg tvilar på at du greier det. The Essex Green høyrest rett fint ut. I dag har eg tatt mot til meg og handla Nickel Creek-albumet "This side". Eg baserte kjøpet på tre ting: ei eldgamal anbefaling fra deg, hvrd, det ufråvikelege faktum at plata vart produsert av Alison Krauss, samt at den inneheld ein finfin versjon av Malkmus-klassikaren "Spit on a stranger". Dette kan ikkje gå gale.

  9. hvrd
    Posted 6. oktober, 2006 at 07:28 | Permalink

    Ryan er kanskje fattigmanns det eine og det andre, men ein artist som har klart å få med både David Rawlings og Gillian Welch på plata si fortener minst ein sjanse. Sjekk forøvrig http://ufjelg.org/mag.mp3

    Nickel Creek er eit godt kjøp!

  10. nordberg
    Posted 9. oktober, 2006 at 10:00 | Permalink

    Eg tenkte eg skulle vise livsteikn etter gammalt. Honnør til Kaz for å ta bladet frå munnen når det gjeld Ryan. Det eg har høyrt av mannen har fått meg til å tenke "og so då?". Eg kjenner eit kvinnemenneske som var på den vidgjetne konserten i Liverpool der vår mann fall omkull og lemlesta armen sin. Det var konsertens udiskutable høgdepunkt, sa ho.

    Elles skal underteikna på to Lambchop- og éin George Michael-konsert i nær framtid. Pluss Motorpsycho i Bergen, forståss.

    Har nokon greie på I Love You But I've Chosen Darkness?

  11. Posted 9. oktober, 2006 at 16:11 | Permalink

    Dette kan ikkje få stå uimotsagt.
    Ryan Adams har riktignok gitt ut ein del møkkaplater, og han verkar riktignok både sjølvhøgtideleg og overpretensiøs, men på sitt beste lagar han strålande musikk. Forårets Cold roses og Jacksonville er bra plater.

  12. hvrd
    Posted 9. oktober, 2006 at 19:19 | Permalink

    Takk for sist Nordberg! Eg er samd med Bårdemannen. Eg ser ingen grunn til å honnere Kaz sine fordommar mot Ryan. George Michael, duliksom.

    Nokon har fortalt meg at I Love You But.... skal vere verdt å gje ein sjanse. Det var nokon som hadde greie på dei. Hugsar ikkje kven.

  13. Kaz
    Posted 9. oktober, 2006 at 22:30 | Permalink

    Eg har i alle høve fått bekrefta mine fordommar om at Ryan er ein pompøs kar som har gjeve ut mykje ræl.

  14. Posted 12. oktober, 2006 at 20:29 | Permalink

    Dersom det er slik at eit innlegg om den kristenmusikalske Sufjan Stevens skal få utvikle seg til ein marknad for skitslengjing og tarmskylling mot halværlege musikarar som Ryan Adams, så kan det vere vi vert nøydd til å stengje ned heile sjappa! Bortsett frå det er alt såre vel og vi har akkurat kome oss etter eit noko stort inntak av alkoholhaldige drikkevarer.

  15. Kaz
    Posted 12. oktober, 2006 at 22:33 | Permalink

    Dette er vel i særklasse den mest populære tråden i denne sjappa si levetid. For min del kan eg seie at eg har kost meg godt sidan 3. oktober sånn litt utpå kvelden. Om det er slik at enkelte føler at ein lyt komme med truslar om å stengje heile forumet, ja då viser det seg diverre at eg definitivt har frekventert feil nettstad. Eg ber med dette brukarane om å stå fram og fortelje i kva grad dei tykkjer om denne tråden. Eg likar tråden særs godt, det er ein vakker tråd. Dei som ikkje likar tråden kan følgje opp med å fortelje i kva grad dei er hårsåre.

  16. hvrd
    Posted 13. oktober, 2006 at 09:01 | Permalink

    Å kalle denne tråden vakker, som t.d. i Gillian Welch sin Annabelle, er å dra han langt, men populær er den utveksamt, eg likar den godt og eg føler at gamle Munk har fått ein aldri så liten renessanse. Slikt varmar. At nokon tek seg fridom til å truge med å stenge sjappa på vegne av Sentralkomiteen er sjølvsagt trist, og eg er indignert og besviken, men eg velger førebels å tru at det var ein inkurie. Eg stadfestar med dette at det ikkje er eit offisielt syn frå den sanne Sentralkomiteen, og beklagar at nokon har teke seg fridom til å opptre under falsk namn.

  17. Kontrollkomitéen
    Posted 13. oktober, 2006 at 14:50 | Permalink

    Eg trur dette var eit forsøk på ironi frå "Sentralkomitéen". Dei har fått på pukkelen og vil aldri meir ytre seg her på forumet. Dersom nokon ynskjer å ta kontakt med representantar for denne komitéen, så lar det seg vanskeleg gjere då dei er send til Sibir på einvegsbillett.

  18. snorre b
    Posted 17. oktober, 2006 at 21:29 | Permalink

    Eg skal på Sufjan. selger ein billett til yo la tengo. Har ingen kommentarar om Mr. Adams.I Love you but... har eit av dei morsomste bandnavna eg har høyrt og vart difor lagt inn på mp3 spelaren for nokre mnd. sia men der har dei låg uhørt. Men så nokre spørsmål: er 120 days noko å samle på?, Har nokon ein torrent adresse til be here to love me. finn den ikkje på kjøpesidene. Kan ein stole på Stoltenberg? og vinn brann serien? Forventar at den sentrale kontrollkomiteen har nokre svar her:)

  19. hvrd
    Posted 18. oktober, 2006 at 11:19 | Permalink

    Hola, yola! Eg uttalar meg ikkje om politikk, så Stoltenberg og Brann får segle sin eigen sjø. Omtalene tatt i betraktning er kanskje 120 days noko å samle på. Eg har berre hørt dei medan dei var The Beatiful People, og det var ikkje noko å samle på. Så med utgangspunkt i ein fordomsbasert livsfilosofi, velger eg å konkludere med at dei ikkje er noko å samle på. Eg har tru på Ådd Nordstu.

    Be here to love me finn du på play, og eg tvilar på du finn ein torrent gjennom konvensjonelle kanalar.

  20. Kaz
    Posted 21. oktober, 2006 at 12:32 | Permalink

    120 days minnar meg om tidleg U2.