Ny film frå Lynch

David Lynch har laga ein ny spelefilm som heiter Inland empire. Den vart nyleg vist under filmfestivalen i Venezia, og har fått tildels rosande omtale. Eg har skumma gjennom ymse britiske og amerikanske aviser, og det ser ut som om journalistane der meiner at dette er noko av det mest uforståelege dei har sett, iallefall sidan Eraserhead. Gamle Lynch-kjenningar som Laura Dern, Harry Dean Stanton, Justin Theroux, og Grace Zabriskie (Sarah Palmer) stiller. Naomi Watts har stemma til ein snakkande kanin. Fimen varer i tre timar, og er i hovudsak spelt inn i Polen. Dette må bli bra!

Sjå også

Ein kommentar

  1. snorre b
    Posted 17. oktober, 2006 at 21:40 | Permalink

    Ein veldig merkeleg ting med denne filmen er at den godaste Lynch har bestemt seg for å bruke ein fotograf som no går i første klasse på samme linje som eg gjekk på Lillehammer. Dette er så rart at eg nesten ikkje trur det, men det er altså blitt meg fortalt.