Intet nytt fra vestfronten…

Plateåret 2006 har, i mine øyre, ikkje vore på nivå med fjoråret. I den seinare tid har det heldigvis komme nokre plater som verkeleg har falle i smak. Typisk nok er det gamle kjenningar som står bak:

Bonnie Prince Billy: The letting go
Etter den berre delvis vellykka Superwolf, som Will Oldham spelte inn saman med Matt Sweeney, er førstnemnde tilbake i det velkjende, melankolske hjørnet a la Master and everyone. The letting go minner mykje om denne, med sitt akustiske preg, og enkle Leonard Cohen-aktige gitarklimring, men med-vokalist Dawn McCarthy bidrar mykje til å løyse opp monotonien som var litt for sterkt til stades på Master and everyone. Arrangementa er litt meir utvikla her. Melodiane er like vakre som før. Dette er perfekt raudvinsmusikk.

Bob Dylan: Modern times
44 år inn i karrieren kjem Dylan med nok eit råsterkt album, og det kan måle seg med nokre av dei beste han har gjort før. Musikalsk er det nok mest fornuftig å samanlikne det med Love and Theft frå 2001; musikken er på ingen måte inspirert av tittelen eller omvendt; det er swing, country og blues som gjev fundamentet her som på den førre plata. Men dette er ei langt meir inspirert plate, og nokre av låtane, som When the deal goes down, Workingman's blues #2 og Ain't talkin' er så monumentale at kun Dylan kunne ha tatt på seg ansvaret for dei og blitt trudd.

The Decemberists: The crane wife
The Decemberists lagar ein type musikk som ikkje nødvendigvis let seg forklare med alfabet. Ofte kan melodiane og instrumentringa minne om ultrafengande pop frå 60-talet, men like ofte tek melodiane uventa vendingar og krumspring. Det er ikkje bak mål å samanlikne med Neutral milk hotel. I sentrum er alltid den umiskjennelege og sjarmerande stemma til Colin Meloy. Den siste plata frå denne kanten lever på alle måte opp til mine forventningar, med ein meir solid produksjon enn før, og låter med lengre levetid.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

8 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 8. oktober, 2006 at 20:07 | Permalink

    Korleis vil du samanlikne The Crane Wife med den noko skuffande Picaresque? Etter min smak var den for "glatt" produsert samanlikna med Castaway & Cutouts og Her Majesty.

    Noter følgjande:

    Destroyer - Destroyer's Rubies: Han syng som Colin Meloy og lagar minst like vakre låtar. Dette er bra. Dette er kvalitet i alle ledd. Mi favorittplate hittil i år.

    Beirut - Gulag Orkestar: Dersom Neutral Milk Hotel og Decemberists (kor fantasifullt!) kom frå Romania ville det høyrt slik ut.

    Mastodon - Blood Mountain: Metallen er ikkje dau. Mastodon har tatt over trona etter Tool og har komme med nok ein meisterverk.

    Dessutan har Jason Molina kome med både soloalbum og ny Magnolia El Co-plate. Eg har diverre hatt høve til å setje med ned med desse.

  2. hvrd
    Posted 8. oktober, 2006 at 20:42 | Permalink

    Og eg gløymde sjølvsagt Howe Gelb - 'Sno Angel Like You, ei herleg gospelblues-plate.

  3. Posted 8. oktober, 2006 at 21:16 | Permalink

    Eg likar produksjonen på The crane wife mykje betre enn på dei tre andre platene. Lydbiletet er mykje "fyldigare" her, og ein kan oppdage nye ting i låtane etter fleire gjennomhøyringar. Melodimessig likar eg Picaresque godt. Har prøvd å få tak i Beirut og Molina utan hell.

  4. hvrd
    Posted 9. oktober, 2006 at 09:18 | Permalink

    Beirut og Molina trur eg du finn for slikk og ingenting på http://www.emusic.com. (10$/mnd for 40 låtar)

  5. baardemannen
    Posted 18. november, 2006 at 00:09 | Permalink

    No har eg hørt på Beirut. Skal eg samanlikne det med noko må det bli Kaizers Orchestra. Umiskjenneleg om-pa-pa på trekkspel. Kul musikk, men både litt kjedelig og litt slitsomt masete om ein har tenkt å høyre heile plata utan pause.

  6. Jonspion
    Posted 18. november, 2006 at 15:39 | Permalink

    Enig i karakteristikken av 2006 som en liten nedtur. Vil imidlertid slå er slag for siste plata til både Luke Temple - Hold a Match for a Gasoline World, og The Shins -Whincing the night away. Når jeg tenker meg om så ble forsåvdt førstnevnte gitt ut i 2005 og sistnevnte gis ut i 2007 (men er tilgjengelig overalt hvor god musikk stjeles), så igjen: 2006 - litt nedtur.

  7. Posted 18. november, 2006 at 16:32 | Permalink

    Ny plate frå The Shins er akkurat det eg treng! Kor har du funne den?
    Ellers har eg visse forventningar til Tom Waits-samlinga Orphans, og den er berre ein halv time unna no.

  8. Jonspion
    Posted 19. november, 2006 at 00:10 | Permalink

    Fant The Shins på https://www.yousendit.com/. Ellers er den sikkert spredd til ulike torrentsider rundt omkring. Jeg liker spesielt godt sangene Australia, og Phantom Limb. Plata er ikke like jevn som Chutes, men holder absolutt god standard.