
Eit uavhenging panel av anonyme og svært høgtståande medlemmer av sentralkomiteen, har bestemt kva for plater som var dei beste i 2006. Her er lista:
(meir...)
Archive for desember, 2006
Dei beste platene i 2006
laurdag, desember 30th, 2006Årets klubbhending
torsdag, desember 21st, 2006Klubbkonseptet In the shadows er klart for Førde og går av stabelen for første gong i morgon, fredag 22.12. Store namn står på plakaten, og arrangørane lovar ein dunkel aften.
Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar
måndag, desember 11th, 2006Om ein tek oppgåva si alvorleg når ein les avisa Firda, kan ein komme ut for mykje rart. I dag fann eg ikkje mindre enn tre saker om folk som har sovna på ymse vegar i Sunnfjord.
1. I tretida natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov midt på Fjellvegen i Førde. Mannen, som er i 30-åra, var overstadig rusa. Politiet frakta han heim.
2. Ein rusa mann i 30-åra vart funnen overstadig rusa på gangvegen på Evja ved innfarten til Florø kvart over tre natt til laurdag. Politiet sørgde for at han kom seg heim.
Så til den siste og mest alvorlege:
3. Litt over klokka to natt til søndag vart ein tilsynelatande livlaus mann funnen midt på E-39 ved Breim i Gloppen kommune.
...Mannen, ein nordfjording tidleg i 20-åra, var overstadig rusa. Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar.
Eg kan ikkje hugse å ha lese om folk som har sovna på vegar før, og no er det plutseleg tre!? Kva er det som skjer?! Og kva er dette om at ein ikkje skal sove på riksvegar?
Robban
måndag, desember 11th, 2006Dylan til Oslo
sundag, desember 10th, 2006
Bob Dylan kjem til Oslo fredag 30 mars neste år. Eg satsar på å vere der eg og.
Meld!
torsdag, desember 7th, 2006Eg synest å hugse at det var ein del av denne sida sine flotte bidragsytarar som hadde tenkt seg på Sufjan Stevens-konserten som var i Oslo for ei stund sida. Var det ingen som gjekk på konserten? Selde dei billettane? Eller har dei gløymd å skrive ei melding på Doktor Munk?
Alt. Christmas
torsdag, desember 7th, 2006Det har dumpa ned eit par juleplater i postkassa mi. Det er Amiee Mann si "One more drifter in the snow", stort sett julecoverlåtar i kjend Mann-stil. Og Sufjan Stevens "Presents songs for Christmas", ein forundringspakke med 5 cd-ar med opptak av julesongar gjort frå 2001-2006. Her er både klassikarar i ny drakt og heimesnikra julehits. Frå enkle intrumentalversjonar på piano til velkjend ofseleg orkestrerte songar. I tilleg til musikken får du med songhefte med nokre noveller, klistremerkje, teikneserie og plakat av den godaste Stevens med kone og born poserande framfor juletreet i stova (sic). Eg registrerer også at Morgenbladet sin meldar, beinhard ateist, nærast vert religiøs av musikken til dette kristne multitalentet frå Michigan. Ein cd-boks med julesongar er vel ikkje verste måten å starte ei omvending på?
Ikkje for seint å satse!
fredag, desember 1st, 2006I det siste har eg byrja å lure på om draumen om å bli fotballproff aldri ville bli noko meir enn ein draum. Men med flaumen av penger i norsk fotball er det definitivt riktig tidspunkt å satse no. Berre les her!