Alt. Christmas

Det har dumpa ned eit par juleplater i postkassa mi. Det er Amiee Mann si "One more drifter in the snow", stort sett julecoverlåtar i kjend Mann-stil. Og Sufjan Stevens "Presents songs for Christmas", ein forundringspakke med 5 cd-ar med opptak av julesongar gjort frå 2001-2006. Her er både klassikarar i ny drakt og heimesnikra julehits. Frå enkle intrumentalversjonar på piano til velkjend ofseleg orkestrerte songar. I tilleg til musikken får du med songhefte med nokre noveller, klistremerkje, teikneserie og plakat av den godaste Stevens med kone og born poserande framfor juletreet i stova (sic). Eg registrerer også at Morgenbladet sin meldar, beinhard ateist, nærast vert religiøs av musikken til dette kristne multitalentet frå Michigan. Ein cd-boks med julesongar er vel ikkje verste måten å starte ei omvending på?

Sjå også

4 Kommentarar

  1. baardemannen
    Posted 8. desember, 2006 at 11:07 | Permalink

    Apropos.
    Det kom nett ein prest inn i klassen min og tok over undervisninga.

    No skal eg i kyrkja med skulen om femti minutt.

    Dette skal eg og elevane rope ut:
    - Gloria, gloria, in excelcis Deo, gloria, gloria, halleluja, halleluja!
    - Lova Gud, lova Gud, lova Gud i det høgste, lova Gud, lova Gud, Halleluja, halleluja!
    - Gud vere lova! Halleluja, halleluja, halleluja!

    Kan dette på nokon måte oppfattast som forkynnande?

  2. baardemannen
    Posted 8. desember, 2006 at 17:25 | Permalink

    Ein minneverdig augneblink frå gudstensta:

    Presten vender seg mot forsamling og seier:
    - No skal vi seie alle saman at vi trur. Lat oss seie i lag at vi trur!

    (Beklager avsporinga. Dette har ikkje så mykje med innlegget ditt å gjere, Herr Proletar).

  3. Proletaren
    Posted 8. desember, 2006 at 18:03 | Permalink

    Avsporing er greit nok det, baardemann. Når det gjeld Gloria, som er lovprising av Guds nåde (ein har fyrst sunge/lest Kyrie, som er bøn om forlating for syndene, så seier presten at jaudå, Gud er nådig han, nåde til alle!) så er det sjeldan dette fungerer for min del. I Statskyrkja er Gloria ofte litt tam og rutineprega. I ein del frikyrkjer der det ikkje er fast liturgi, er det svært mykje lovsong(gloria) men ofte litt traurige svenske lovsongar med repetitiv halvdårleg tekst. Så her er det noko å hente! Om det er forkynnande? Tja. Dersom du og elevane syng riktig fint, og det til dømes kjem ein filmskapar og filmar dette med rette filter og set det inn i ein setting, trur eg så absolutt det kan verte nokre som vert omvende. Men dersom det er ei vanleg skulegudsteneste der kyrkja er fyllt med elevar som sjekkar SMS og snakkar høglytt med kvarandre, trur eg det ikkje det er nokon fare.

  4. Proletaren
    Posted 8. desember, 2006 at 18:06 | Permalink

    Ok, statskykja skal vel skrivast med liten s? Og fylt skal vere med ein l?