Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar

Om ein tek oppgåva si alvorleg når ein les avisa Firda, kan ein komme ut for mykje rart. I dag fann eg ikkje mindre enn tre saker om folk som har sovna på ymse vegar i Sunnfjord.

1. I tretida natt til søndag fekk politiet melding om at ein mann låg og sov midt på Fjellvegen i Førde. Mannen, som er i 30-åra, var overstadig rusa. Politiet frakta han heim.

2. Ein rusa mann i 30-åra vart funnen overstadig rusa på gangvegen på Evja ved innfarten til Florø kvart over tre natt til laurdag. Politiet sørgde for at han kom seg heim.

Så til den siste og mest alvorlege:

3. Litt over klokka to natt til søndag vart ein tilsynelatande livlaus mann funnen midt på E-39 ved Breim i Gloppen kommune.

...Mannen, ein nordfjording tidleg i 20-åra, var overstadig rusa. Politiet vil sterkt rå folk frå å sove på riksvegar.

Eg kan ikkje hugse å ha lese om folk som har sovna på vegar før, og no er det plutseleg tre!? Kva er det som skjer?! Og kva er dette om at ein ikkje skal sove på riksvegar?

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg