Skjulte perler og gløymde skattar

I platesamlingane dykkar ligg det forhåpentlegvis nokre godbitar og lurer. Låtar eller plater som du meinar andre må få høve til å høyre, helst snarast. I denne tråden håpar eg vi kan få til dette: Har du eit tips til ein godbit - ny/gammal, kjent/ukjent, album/låt, skriv det her. Kan du i tillegg kort (eller langt) gjere greie for kvifor akkurat denne godbiten er verdt å få med seg, er det flott.

Sjå også

8 Kommentarar

  1. Runar
    Posted 12. mars, 2007 at 20:44 | Permalink

    Godt tiltak.... eg vil nytte høvet til å nevne ein del personlege favorittar, og sidan det ikkje er innlegg her frå før veit eg ikkje kor lista ligg..
    men i alle høve: scott walker- scott 1-4, alle desse albuma er framifrå for alle med sans for kammerpop og baryton. Scott 2 er nok albumfavoritten min, med godlåtar som next og the girls and the dogs. Men kremlåten, ja kanskje ein av dei ypperste poplåtane ever, finn ein på scott 4, og den heiter kort og greit duchess...eit mesterverk på drygt to minutt...

    Ellers må eg og invitere alle lesarar til å sjekke ut yndlingsbandet mitt, the divine comedy, finfin pop av det litt pompøse slaget med tekstar som gjerne er ispedd humor og vidd. Låtforslag: our mutual friend, frog princess og commuter love.

    Alle gode ting er tre seiest det, så då vel eg å hente fram ei plate til, nærmare bestemt den sjølvtiltulerte debutplata til chamber pop-ensembelet Cousteau, fabelaktig:)

    dette er kanskje noko snevert, sidan alt dette er i samme popgate.. så til slutt vil eg anbefale litt frydefull britisk 80-talspop, the housemartins. Låtane: happy hour, the people who grinned themselves to death og five get overexcited(pick of the bunch) er som skapt for å vende munnvikane oppover sjølv hos den verste grinebitaren.

    god fornøyelse!

  2. Kazman
    Posted 13. mars, 2007 at 01:20 | Permalink

    Kudos til trådstartaren, og til Runar som makta å gi tråden ein flygande start.

    Eg vil gjerne vere med på leiken, og fyrst vil eg gjerne presentere godtfolket for ei lita perle av eit album:

    Jim O’Rourke: Insignificance (Drag City, 2001)

    Jim O’Rourke er ein mann som ikkje er redd for å ha på seg hattar i ulike variantar. Han er kjend som ein eksperimentalist som jobbar med mange ulike sjangrar, gjerne i ei salig røre. Han har samarbeida med ymse meir og mindre kjende band og artistar, mange kjenner han nok som medlem av Sonic Youth eller Gastr del Sol. I bandet Loose Fur samarbeider han med Wilco-sjefen Jeff Tweedy, ein mann som gav ei hjelpande hand under innspelinga av Insignificance.

    I sin essens er Insignificance eit strålande popalbum. Grunnlinjene i låtane er særs melodiske, men O’Rourke greier ikkje å late vere å leike med dei og ladar dei heile vegen med motsetningar. Låta All downhill from here opnar med eit fuzzriff som minner om sørstatsrock. Det dempar seg noko når O’Rourke byrjar å synge, men det ligg heile tida og lurer i botn. Av og til roar gitaren ned, og vi får nokre utruleg vakre mellomspel med piano, klokkespel og kassegitar, vi talar proper pop av beste merke. Mot slutten ausar dei på med blåsarar, og fuzzgitaren gjer alt den kan for å understreke poenget sitt.

    Tittellåta er eit popepos alldeles, drive av vekselvis piano og gitar. Bruken av klokkespel gjev meg umiddelbart assosiasjonar til den eminente komponisten Jon Brion (I Heart Huckabees og Eternal Sunshine of the Spotless Mind) sitt univers, med sitt søte, leikande og lett skrudde preg.

    Therefore, I am er ein rockar som i hovudsak byggjer på to enkle gitarakkordar og klassisk trommekomp heile vegen, men O’Rourke bryt opp låta med herlege falsettharmoniar. Obligatorisk klapping og vokale ”whoo-hoo” er eit stadig tilbakevendande tema.

    Memory Lame-introen minnar mykje om Jon Brion att, og på Good Times byrjar O’Rourke å ta ting ned eit par hakk, dette kunne like gjerne ha vore ein Mojave 3-låt. Han opnar med roleg Kurt Wagner-sang over enkel akustisk gitar, og når steelgitaren kjem snikande er livet verkeleg verdt å leve. Get a room har tidvis litt tøffare gitar, men vi befinn oss framleis i eit roleg landskap dominert av kassegitar og klokkespel.

    Høgdepunktet sparar O’Rourke til slutt. Life goes off byggjer på enkle gitarlinjer og Wagner-esque vokal. Teksten er som vanleg av det snodige slaget (Tekstane er generelt strålande skeive, misantropen O’Rourke får fritt spelerom). Tidvis lurer han inn noko som i utgangspunktet er standard trommevirvling, men i denne samanhengen får den eit trugande preg. Først er den der berre i korte, illevarslande sekvensar, men etterkvart vert den særs markant og kjempar om å eige låta. Steelgitaren vert rekruttert i det godes kamp, og den forsøkjer å overdøyve trommene, men det viser seg å vere nyttelaust. Etterkvart tek tromminga fullstendig over, og steelgitaren lyt til slutt kapitulere. Innan låta endar er vi over i støyrockaren O’Rourke sitt univers, eit frampeik til plata I’m Happy and I’m Singing and a 1, 2, 3, 4 som kom ut kun veker etter Insignificance.

    Insignificance klokkar inn på knappe 40 minutt, men det er kvalitet heile vegen. Tilsynelatande er det minimalisten i O’Rourke som styrer, men han maktar å lage albumet komplekst utan å gjere det utilgjengeleg. Han er ein mann alle bør kjenne til, og Insignificance er eit flott utgangspunkt for nye lydarar. For dei som har eit forhold til O’Rourke men ikkje har nett dette albumet, er det eit must å erverve seg det med det første.

  3. nordberg
    Posted 14. mars, 2007 at 17:22 | Permalink

    Gratulerer til alle involverte med eit framifrå trådinitiativ. Eg vil gjerne yte mitt ved å dra merksemda mot det svenske poporkesteret Weeping Willows og deira debutlangspelar Broken Promise Land utgitt i 1997 på Grand Recordings.

    Denne plata kom busst på underteikna i si tid. I skrangleindiejungelen som mange av oss vasa rundt i på den tida var det sjeldsynt at ein kom over musikk med slik patos, pondus og vellyd. Weeping Willows såg inga skam i å plassere hjartet godt synleg utanpå dressjakkeslaget.

    Karane starta sammusiseringa som eit dugandes coverband. Dei gjorde konsertsuksess i Stockholm midt på nittitalet med superseriøse versjonar av nokre av dei tristaste songane til Hank Williams, Elvis Presley, Johnny Cash, Roy Orbison osb. Dress og bowlingskjorte-estetikken var tidleg på plass, og det måtte nesten bli noko sekstitalspreg over utkomet av dei første plateinnspelingane. Etter å ha festa nokre av coversongane på band, og gitt dei ut på ep-ar, byrja dei skrive sitt eige materiale som skulle verte innhaldet på Broken Promise Land. Då plata kom ut i 1997, vart dei retteleg populære hjå broderfolket. Liveryktet hadde dei jo i boks allereie; no hadde dei også overtydd medelsvensson med det eigenkreerte materialet.

    I sentrum av musikken finn vi vokalisten Magnus Carlson si særeigne røyst og inderlege tekstar. Det er freistande å samanlikne sangstilen hans med Vegas-Elvis. Morrissey-samanlikningane er vel likevel meir talrike blant dei lærde. ”Last Night I Dreamt That Somebody Loved Me” av The Smiths har jo også vore konsertavsluttingsglansnummeret til Weeping Willows i mange år.

    Men nok snikksnakk. Lat oss konsentrere oss om albumet som ligg under periskopet.
    Dette er ei slik plate der dei meir stillfarne songane faktisk står i fare for å verte knebla og attgløymde i ein krok. Det har seg nemleg slik at dette albumet inneheld tre-fire superfengande rett-i-hjartet-songar som trugar med å stele heile forestillinga. ”I Didn’t Know”, ”Eternal Flames”, ”I’m Failing In Love” og tittelsporet er vel dei hovudmistenkte i så måte. Trass i det trasige og hjarteskjerande tekstinnhaldet, er desse songane så himmelropande gledesspreiande i all si blåsar-, strykar- og steelgitarbefengte prakt at ein knapt kan gjere anna enn å glise breidt og fomle etter repeatknappen.

    Nærmare lytting avslører at dei songane som til ein viss grad står med lua i neven og småsparkar nervøst i bakken kanskje er dei mest gripande. Opningssporet ”So It’s Over” kan verke som ein transportetappe ved første lytt, men set eigentleg standarden for heile albumet med sin dramatisk ærlege deklamasjon; sjølv om folk seier at det kjem ein ny og betre dag i morgon, veit eg-personen at dette ikkje nyttar lenger. Han må forlate ho og alt er over.

    Meir av det same følgjer. Magnus Carlson kjenner seg hjelpelaus, liten, redd og mistenkeleggjort. Likevel er det av og til eit snev av optimisme å spore. I avsluttingsduetten ”Try It Once Again”, vert Carlson og Ulrica Freccero saman samde om at det kanskje ikkje er så dumt å prøve denne kjærleiken noch einmal. Underteikna skal ikkje eingong prøve å late som han veit noko som helst om denne Freccero, men ho syng no fint.

    Nokre fleire ord om det reint musikalske er på sin plass. Denne skiva er eit velsmakande brygg der ingrediensane er mangslungne. Storbandkjensla er hjarteleg tilstades på om lag halvparten av songane, noko som vert ytterlegare understreka av crooninga til vår mann i front. På dei meir smålåtne songane er steelgitaren vesentleg, saman med forsiktige gitarar og hammondorgel. Denne plata er tilsynelatande ikkje strengeleikdominert – vokalen og blåsarane stel jo mykje av merksemda – men nærlytting avslører utsøkt gitararbeid av Ola Nyström. Mannen kom endå betre til sin rett då eg såg gruppa i Oslo i 1998. Horntutarane og felegnikkarane var ikkje med på scena, så gitar-Ola måtte representere alle dei instrumenta med sin einslege gitar.

    Slitestyrke er utvilsamt eit stikkord i denne tråden. Broken Promise Land er ei plate som fort kunne ha landa flatt på ansiktet sitt i kamp med tidas tann. Så pompøs musikk framført with a straight face står gjerne lageleg for hogg når ein i retrospekt skal revurdere med dagens øyre. Eg trur det nettopp er denne seriøsiteten som gjer at plata framleis held vatn og vel så det. Karane meiner dette seriøst. Kjenslene er ekte og tidlause. Det same er musikken. Der eg i 1998 stort sett høyrde storband, Las Vegas og sekstitalspop med crooning på topp, høyrer eg i dag også klare countrytrekk. Lite er meir gledeleg enn å setje på ei plate og høyre at ho gir deg endå meir enn du klarte å få med deg ved forrige høve. Eit kvalitetsteikn er det så visst.

    Plateomslaget fortener også heiderleg omtale. Vi befinn oss i eit familiesamkome på ein landstad i skärgården. Det ser ut som alle har nok med seg og sitt, og at ein helst berre vil komme seg derifrå. Men ein må lide seg gjennom det. Eit par av bileta inni heftet kunne vore klassiske filmplakatar. Strålande.

    I desse dagar er Weeping Willows aktuelle med sitt femte studioalbum. Der er altså ein del å verte kjend med i katalogen deira. I tillegg finst nokre utgjevingar som sjeldan er å sjå i norske butikkhyller, som t.d. ei singelsamling, ein live-DVD og to svenskspråklege soloalbum av Carlson. For den som vil stikke fingeren litt djupare inn i materien, er det tilrådeleg å gje tredjealbumet Into The Light frå 2002 ein sjanse. Her er elvisfaktoren minimert og steelgitaren permittert til fordel for eit meir synthprega og dansbart uttrykk. Fengande og feiande flott er det like forbaska.

  4. jons
    Posted 14. mars, 2007 at 23:23 | Permalink

    Flott tråd dette. Og lista er lagt høyt ser jeg.

    Mitt bidrag
    I serien kjente, men kanskje glemte, godbiter fra fortiden presenterer jeg Big Star med sangen Thirteen. 2 minutter og 35 sekunder pur pop. Minner fra klønete undgomsforelskelser kan presse seg på. Men med dette lydsporet får selv de flaueste fragmentene fra perioden der skillet mellom sterk og svak er som tynnest, noe vakkert over seg.

    For optimal opplevelse av dette innlegget kan låten has på i bakgrunnen. link her: Youtube


    Thirteen

    Won't you let me walk you home from school
    Won't you let me meet you at the pool
    Maybe Friday I can
    get tickets for the dance
    and I'll take you

    Won't you tell your dad, "Get off my back"
    Tell him what we said 'bout 'Paint It Black'
    Rock 'n Roll is here to stay
    Come inside where it's okay
    And I'll shake you.

    Won't you tell me what you're thinking of
    Would you be an outlaw for my love
    If it's so, well, let me know
    If it's "no", well, I can go
    I won't make you

    Sangen ble gitt ut på Big Stars debutskive #1 record i 1972. Chris Bell og Alex Chilton, som pga av samarbeidsmetoder og komposisjoner ofte sammenlignes med Lennon/McCartney, skrev i løpet av sine få år sammen noen av de såreste, tøffeste og fineste låtene i verden – intet mindre. Big Star fikk ikke sukesess på 1970-tallet. Problemer med distribusjon, Bells avskjed med bandet i 1974, og senere fatale bilulykke i 1978, hindret dette. Bandet har imidlertid med tiden blitt kanonisert, ikke minst av musikerkollegaer. Thirteen er spilt inn av en rekke artister. Jeg vil i tillegg til orginalen trekke frem to versjoner som jeg selv mener behandler låten pent. Elliott Smiths og Håkan Hellstrøms. Enjoy.

    Elliott Smith
    Håkan Hellstrøm

    De som befinner seg i Halden-området i begynnelsen av august kan dessuten få med seg Thirteen live fra scenen. Alex Chilton turnerer i sommer under Big Star-navnet. Som backingband har han blant annet fått med seg Ken Stringfellow og Jon Auer fra The Posies

  5. hg
    Posted 23. mars, 2007 at 18:06 | Permalink

    Flotte innlegg dette og det er uråd å matche kvaliteten. Her følgjer eit lite tips:

    Windfall - Son Volt

    Det finst få som kan konkurrere med Gillian Welch om å ha laga dei vakraste countrysviskene på denne sida av 80-talet. Son Volt sin Windfall er ein verdig konkurrent. Windfall er opningslåten på debutalbumet Trace frå 1995.

    Windfall er strålande country, stemma til Farrar knekk akkurat slik den skal, Eric Heywood sin pedal steel-gitar, som faktisk er til stades i nesten heile låta, er perfekt og teksten er like enkel som den er genial: Set deg i bilen og køyr frå alle bekymringar medan Windfall spelar på stereoen.

    Faktaboks:
    The man i Son Volt er Jay Farrar. Han gjorde først suksess i bandet Uncle Tupelo på starten av 90-talet som hadde mykje av "skulda" for den alternative-countrybølgja som framleis slår inn over oss. UT tok omlag like stor delar av dåtidas rock og country frå 50- og 60-talet og revolusjonerte både country og rock. På dette eventyret var også Jeff Tweedy med. Han spelar i Wilco no til dags.

  6. Geiren
    Posted 12. april, 2007 at 22:49 | Permalink

    Nydelege omtalar dette, eg vil ikkje eingong prøve meg på slik grundig og beskrivande omtale..

    Smashing Pumpkins - Siamese Dream.

    Det kan vel vanskeleg seiast å vere ein skjult skatt, men for meg er plata betre for kvar gong eg høyrer den. Faktisk har den teke den einaste seksaren på terningkastet mitt nokonsinne. Kriteria er enkle, den må ha minst 5 songar som vekkjer kjensler som gjer at ein har utallige minner til dei. Andre kriterie er at det ikkje skal vere nokon dårleg sang. For meg er dette den einaste plata som fyller desse, men eg har endå mange gode år medlytting att trur eg.

    Grant Lee Buffalo - Fuzzy

    Ikkje nokon skjult skatt det heller.. Veit at han kjem til Askøy i sumar, då under namnet Grant Lee Phillips. Meir varierande kvalitet på albuma som har kome dei seinare åra, men held framleis koken. Mykje akustisk på dette albumet, noko eg er svak før. "Jupiter and Teardrop" er og blir en højdare for min del.

  7. nordberg
    Posted 14. april, 2007 at 00:04 | Permalink

    I dag har eg lyst til å skrive om Gudfaren sjølv. Ikkje nødvendigvis fordi han hengde opp jumpsuiten for godt forrige juledagsmorgon, men meir fordi han ikkje kan få nok merksemd.

    Herman Willis skriv ein eller annan stad i det populærmusikalske kulturhistorieverket Instant Karma at viss ein reiser til Afrika, så kan ein mykje vel treffe menneske som forgudar James Brown, men som aldri har høyrt om Elvis Presley. Tygg litt på den, godtfolk.

    Skotta mellom svart og kvit musikk er større og tettare enn mange vil innrømme. Eit talande døme fekk vi i mars 2007-utgåva av magasinet Mojo. I denne utgåva har dei rett nok ei ti-siders hylling av den avlidne soulbroren, men like fordømt klarer dei å kline The Beatles opp som hovudoppslag på framsida for nittisjuande gong, eller noko slikt. Eg er fullstendig klar over at hovudmålgruppa til bladet er halvgamle, velståande og kvite menn. Ei framside med eit stort bilete av Brown sel sjølvsagt færre blad enn ei framside med dei glade liverpudliarane, men det får no hærenfløttemeg vere grenser!

    Orsak, det måtte berre ut. Dagens tekst skal handle om James Brown si plate In The Jungle Groove, utgitt i 1986, no tilgjengeleg i remastra utgåve frå 2003 på Universal.

    I 1986 hadde Brown gjenfunne stor popularitet etter mange magre år. Populariteten hadde to pilarar: Hiphop-pionerane sampla gamlingen sine standardverk for alt dei var verdt, og somme politiske krefter nytta den småklamme åttitalshiten hans ”Living In America” for alt det den var verdt. James Brown var brått heit igjen, og plateselskapet var ikkje treig i vendinga med å kompilere ei samling Brown-spor frå tida 1969-1972, nokre i remiksa og alternative versjonar, og gje dei ut som In The Jungle Groove.

    Vi snakkar altså om funkens fødsel. Den tidlegare ballade- og soulmannen Brown staka på denne tida ut ei ny retning for seg sjølv og læresveinane sine. No skulle han inn til beinet, rydde vekk melodi og staffasje, og stå att med Rytmen. Musikarane i The JBs vart piska til å spele alle instrumenta som rytmeinstrument. ”On the one” vart mantraet; første slaget i kvar takt vart det tyngste, i motsetnad til i tradisjonell soulmusikk der andre slaget i takta vart aksentuert. På denne måten vart James Brown sitt funkuttrykk så distinkt.

    Det lyt nok seiast at denne plata kan vere krevjande å høyre på. Dei som berre har hjarte for Den Gode Melodi kan sikkert klikke mongo etter kort tids lytting. Dei som veit betre har mykje hypnotisk superfunky musikkglede å sjå fram til. Her vert både intellekt, underliv og dansefot utfordra til å sleppe seg lause. Men lyttaren må jo ville det sjølv.

    Nokre høgdepunkt må nemnast. Brown opnar ballet på herleg ukorrekt vis med å gje karane sine ein pep-talk om at dei ikkje må late seg kue av det andre kjønn lenger, og durar i veg med ”It’s A New Day”. Han remjepredikerer bodskapen over taktfaste akklamasjonsrop frå undersåttane sine, medan gitaren og blåsarane utvekslar monotone riff i call and response-stil. I t.d. ”Soul Power” og ”Talkin’ Loud And Sayin’ Nothin’” er det den svarte sjølvkjensla og -respekten som får seg eit velallokert spark bak. ”Funky Drummer” er vel mest kjend for å vere tidenes mest sampla låt; trommene til Clyde Stubblefield er visstnok å finne att på omtrent ein milliard seinare plateinnspelingar. Gitar- og bassriffa på ”Get Up, Get Into It And Get Involved”, utført av Collins-brørne, høvevis Phelps og Bootsy, er grunn god nok åleine til å kjøpe plata. Bootsy Collins spelar på halvparten av spora her, og det er lett å høyre kvifor han vart hyra inn. Det er også lett å forstå kvifor han seinare vart sparka ut. Bootsy trakkar farleg nær sjefen sin leiarstjernestatus med eit basspel av ei anna verd.

    Brown si stemme er kanskje det aller mest perkussative instrumentet på denne plata, og det seier ikkje så reint lite. All stønninga, okkinga, hylinga, messinga og ropinga kan verke ukontrollert og vilkårleg. Likevel trur eg ikkje at så mykje som eit einaste lite klynk er tilfeldig sleppt ut frå meisterens munn. Han nyttar den autoritative røysta si på ein fullstendig medrivande og uimotståeleg måte. Ein lyt berre gje seg over for denne ultimate oppvisinga i funkologi.

  8. Kazman
    Posted 2. november, 2007 at 18:53 | Permalink

    Max Richter: The Blue Notebooks (Fat Cat, 2004)

    Eg vil gjerne fortelje godtfolket om ei slåande vakker plate av den tyske komponisten Max Richter. Dette er klassisk musikk i moderne innpakning; Richter blandar klassisk, elektronika, ambient og spoken word i ei framifrå røre. The Blue Notebooks er inspirert av Kafkas The Blue Octavo Notebooks, og på nokre av spora les skodespelarinna Tilda Swinton frå dette verket, samt frå Hymn of the Pearl and Unattainable Earth av Czesław Miłosz. Medan Swinton les høyrer vi mellom anna hamringa frå ei gamal skrivemaskin i bakgrunnen, og saman med ulike field recordings er dette særs effektfullt. Richter varierer mykje gjennom heile plata; ein rein instrumental med enkle strykarar her, eit enkelt klaverstykkje der, før vi får eit sakralt vokal- og orgelbasert stykkje. Felles for alle spora er at Richter heile tida held det enkelt sjølv om det ofte er kraftfullt. Det er vanskeleg for lyttaren å vere likegyldig til The Blue Notebooks, det er definitivt ei plate som gjer inntrykk.