Hopalong, hopalong yah!

Førre helg tok eg ein etterlengta tur til Tigerstaden, og jammen snurre var det ikkje konsert med det trønderske ska-bandet Hopalong Knut på Rockefeller på laurdagskvelden! Ai ai ai, for ei lukke!

Eg hadde strengt tatt berre høyrt ein song frå dette ensamblet før (på radio), og det var "Gjør det sjøl", ein coverlåt frå punkebandet Jonny Yen Bang som hadde ei kort karriere på byrjinga av 80-talet. Men eg hadde trua på at dette kunne bli gode greier, og det vart det. Oppvarmingsband var stryningane i The School, som beit greit nok i frå seg. Artig med helsingar til Ten-Sing-jentene på fyrste rad.

Hopalong Knut er omlag ni på scena inkludert fire blåsarar. Kristin Jensen på vokal var energisk frå fyrste til siste nummer og song så reint som ein kan i genren rock. Av tekstane og info i innlegget til dei to cd-ane, verkar det som om dei har med seg litt gamalkommunistisk/arbeiderklasse-tankegods. Det mellom anna referert til diktaren Rudolf Nilsen. Ska-musikken kjem frå Jamaica og har fellestrekk med reggae. Dette gjer at bandet får ein fin miks av hakuna matata og revolusjonær guts. Dei fleste songane er fartsglad skarock, men innimellom er det nokre seige ballader. Høgdepunkt var Jabbsaft, Bautastein, Spark på leggen og "The Aller Værste"-coveren Spisse sko.

Ta turen dersom Hopalong Knut skal ha konsert i nærleiken av deg!

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

2 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 17. mars, 2007 at 18:38 | Permalink

    Takk for tipset! Eg står først i køen når billettane til konserten i Førde leggjast ut.

  2. Geiren
    Posted 12. april, 2007 at 22:37 | Permalink

    Snakka med ein av blåsarane på langfredag då han var heime på Stranda ein tur. Dei var særs nøgde med konserten på Rockefeller..