Særs god bok

Eg vil gjere lesarane merksame på romanen Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne boka står i den litterære kanonen, men den kom i alle høve med i serien Århundrets Bibliotek i 1991. Sjølv høyrde eg ikkje om boka før ganske nyleg.

Bulgakov skal ha jobba med romanen frå 1928 til sin død i 1940, men den vart ikkje gitt ut før på 60-talet.

Sjangermessig talar vi om fantastisk litteratur, der Bulgakov knyttar trådar mellom meir og mindre historiske figurar som Jesus, Pontius Pilatus og Satan. Midt i denne soga plasserer han figuren Mesteren, som ein lyt rekne med er forfattaren sjølv. Hovuddelen av handlinga er lagt til 30-talets Moskva. Bulgakov skriv strålande satire, og denne delen av handlinga er ein gjennomført bitande kritikk av systemet i Sovjet på den tida. Det går sjølvsagt mykje på det politiske, men også den kulturelle eliten, særleg Bulgakovs samtidige forfattarar, får sitt.

Best likte eg skildringa av det gamle Jerusalem, og Jesu siste timar sett gjennom augene til Pontius Pilatus. Bulgakov målar eit rått og nært portrett av Pontius Pilatus, og biletet av Jesus er eit klart og tydeleg innlegg i religionsdebatten.

Dette er ei bok eg med hensikt las sakte fordi eg gjerne ville den skulle vare lenge. Tydelegare støttefråsegn er det ikkje råd å få frå denne kanten.

Eg innser sjølvsagt at det bør lesast fleire sovjetiske/russiske forfattarar. Frå før har eg kun lese Forbrytelse og straff. Er det nokon som har tips? Bør ein lese Solsjenitsyn? Tsjekhov? Eller vert det for grått og trist? Tolstoj er vel ein sikker vinnar?

Sjå også

3 Kommentarar

  1. Posted 9. april, 2007 at 13:53 | Permalink

    Mesteren og Margarita er ei svært bra bok som Dr Leiv tilrådde meg å lese i si tid, og Forbrytelse og straff er kanskje mi favorittbok. Dobbetgjengeren er ei anna bok av Dostojevskij som eg likar veldig godt. Tolstoj er sjølvsagt eit godt val, men det er ikkje nødvendigvis eit opplagt val for Dostojevskij-likarar fordi stilen er fullstendig ulik - Tolstoj skriv mykje meir formfullendt, omstendeleg og distansert, og utan Dostojevskij sine fantastiske desperate feberfantaserande anti-heltar. Krig og fred er ei stor oppleving for den tolmodige, men det er kanskje bedre å starte med langnovella Hadsji Murat som og er meget bra. Tsjekov skriv veldig sterke noveller, nokre av dei beste eg har lese av den sorten. Ellers bør vel og nemnast Fedre og sønner av Turgenjev, som er eit forsøk på å granske nihilsmen sine levekår i møte med verda. Nikolaj Gogol kan og nemnast som eit godt namn. Anleggsgrøften av litt mindre kjende Andrej Platonov kan og vere ei bok å tenke på.

  2. baardemannen
    Posted 11. april, 2007 at 20:55 | Permalink

    ...Men dersom du skal lese bøker frå bak jernteppet, kvifor ikkje prøve seg på polakken Witold Gombrowicz ?

  3. drleiv
    Posted 18. april, 2007 at 16:57 | Permalink

    Godt å sjå at Mesteren og Margarita vert lesen. Det er altså ei heilt fantastisk bok. For eit par år sidan vart det laga ein TV serie basert på boka. Den vart svært populær i Russland, men er nok framleis vanskeleg å få tak i her i landet vil eg tru. Eller kanskje ikkje? Om nokre av DrMunk sine lesarar har tips til korleis ein kan laste ned/kjøpe denne serien er eg interessert.

    Når det gjeld tips til russiske forfattarar vil eg støtte meg til Baardemann sine tips.

    Eg vil likevel nytte anledninga til å kome med tips til ei fantastisk bra bok. Eg las i si tid Mesteren og Margarita på anbefaling av ein lege som var svært opptatt av forfattarar som også var legar. Bulgakov var ein av favorittane, og ein annan stor favoritt var Louis-Ferdinand Celine. Min eldre kollega kunne fortelle meg at Celine i tillegg til å vere lege og forfattar først og fremst var ein stor drittsekk. Denne kombinasjonen blir det tydelegvis stor litteratur ut av, og dei som er i tvil kan jo prøve seg på "Reisen til nattens ende". Litt misantropi må vere på sin plass på denne tida av året.