Hot Fuzz!

Vil oppmode alle om å komme seg avgarde og sjå Hot Fuzz på nærmaste kinematograf. To timar pur moro. Eit stjernegalleri av dei sjeldne på skodespelarsida, i britisk målestokk vel og merke, som byr på ypparleg underhaldning. Filmen kombinerar humor med action og vold på ein sjangersikker og framifrå måte. Antagelig den beste politifilmen nokonsinne, og det kjekkaste eg har sett på svært lenge. Hovedpersonane, traktert av Simon Pegg og Nick Frost er vidunderlege, og eg anbefalar varmt deira forrige mesterverk "Shaun of the dead". Men Hot Fuzz er fleire hakk betre i mine auge, og eg nærmast garanterar at den fell i smak. God fornøyelse

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

Ein kommentar

  1. korsi
    Posted 7. mai, 2007 at 09:56 | Permalink

    Må berre seie meg fullstendig einig i dette. Det er lenge sidan eg har hatt det så moro i ein kinosal. Dette er topp underhaldning.