Ja, vi elsker

.... norwegian country music går i år av stabelen på Logen teater. Arrangementet startar kl 16.00 og held på til langt på natt. Tek du turen får du høve til å høyre blant anna Gram Per Person spele country cover-låtar av sin store helt, One way out synge smektande gospeltonar, Tom Sawyer & The Huckleberry Finns og bluegrass, Mao med sin country & eastern og det relativt ferske countryensemblet Empty bottles, broken hearts. Felles for halvparten av kveldens bend, forutan den åpenbare sjangerlikskapen, er at Jørgen "The boy can play" Sandvik spelar i dei.

Ja, vi elsker

Sjå også

3 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 18. mai, 2007 at 20:55 | Permalink

    Dette vart ein lang og strålande ettermiddag. Ikkje overraskande leverte One way out, Tom Sawyer & The Huckleberry Finns og MAO varene. Ingen av dei hadde lært nye låtar sidan sist gong (eller gongen før der), men når t.d. MAO kliner til med verdas beste country-rock i form av Rambelin Man og Christine's Tune så er det heilt i orden for meg.

    Det mest interessante denne kvelden var derimot dei meir ukjente kapitla. Unknown Joe er på sett og vis berre ukjent namnemessig, på ordentleg er det Erik Fossen i BT som kler på seg cowboyhatt, og det er ikkje første gong eg ser han på ei scene. Tidlegare har han stilt med fullt band. Denne gongen hadde han med seg Sgt Petter på piano, og saman leverte dei fire fabelaktige låtar, deriblant Time (A Revelator). At gitaren fuska, tekstane ikkje var memorerte 100% og feil grep vart spelt gjorde ingenting, for Joen leverte varene med country soul, og då forlangar eg ikkje meir. Hederleg omtale også til Andy Olsen som starta gildet.

    Ca kl 18 forflytta vi oss frå baren i andre til teateret i første. Rune Vandaskog, ein ung søndagsskuleelev frå Sveio hadde lært ungdommane sine, også dei søndagsskuleelevar, å spele ordentleg countryrock sidan eg såg dei spele på Viva Las Veggis tidlegare i vinter. Med bånn spiker frå første akkord og med ein lead-gitarist som visste å spele gode soli, trur eg dei fleste som følgte med vart overraska av sjølvkomponerte låtar av særs høg klasse.

    Sjølv om fokus for kvelden var country, fekk også bluesrockarane Orbo & The Longshots sleppe til. Og eg innrømmer glatt at eg er skeptisk til slike takter og tonar, men det var vanskeleg å ikkje la seg rive litt med. Orboen er djevelsk god på gitar og lyden (altså sounden) i den var ufatteleg fet. Når i tillegg bandet er stødigare enn Tor Heiestad og låtmaterialet av høg klasse blir det rett og slett bra.

    Etter 7 timar måtte eg legge inn åra og dra, så både Empty bottles, broken hearts og Gram Per Person måtte vente til ein annan gong.

    Og til slutt: Medan den glitrande konferansier Bjarte Hundvin framleis stod på beina på "eigenhand" kom han med ein viktig opplysning: Under festivalen for to år sidan spelte Jørgen "The boy can sing" Sandvik i 11 av 14 band. I fjor spelte han i 7 av 14 og i år spelte han i 5 av 14. Ein litt dårleg trend, spør du meg, men vi får tru han oppfatta bodskapen frå konferansieren.

  2. Gram
    Posted 10. mai, 2008 at 12:38 | Permalink

    Gram Per Person spiller IKKE coverlåter, altså. Navnet er bare en hyllest til kjernekaren Gram.

  3. hvrd
    Posted 10. mai, 2008 at 16:21 | Permalink

    Du har heilt rett. Eg vart rett og slett lurt av namnet.