Kvalitetssalvar

Norsk esperanto-ungdom (NJE) lyste for ei tid sidan ut ein banneordkonkurranse. Vinnar vart følgjande kraftuttrykk send inn av Etel Zavadlav frå Kroatia:

Fiku fratinon de erinaco

som tyder Pul systera til eit pinnsvin. I juryen si grunngjeving heiter det bl.a. Oppmodinga kombinerer to tabu: eit språkleg tabu pga. bruken av eit vulgært seksualitetsord, og eit sosialt tabu fordi den omtala handlinga gjeld ein kombinasjon av menneske og dyr. Samstundes skaper oppmodinga bilete som ikkje berre gjev eit sterkt inntrykk av smerte, men som òg lèt det skina gjennom at det slett ikkje er mogeleg å utføra den nemnde handlinga. Slik kan aspektet av smertehumor framkalla smil dersom ein bruker uttrykket i rett situasjon. Dersom ein adresserer uttrykket til kvinner, røyver ein også ved eit tabu som finst i dei meir fordomsfulle krinsane, noko som må vera ein fordel.

Sjølv likte eg best uttrykket som fekk andreplassen, også det innsendt av Etel Zavadlav: Serĉu vian kacon per pinĉilo, eller Leit etter pikken din med ein pinsett som vi kanskje ville sagt.

Les meir om konkurransen på Norsk esperanto-ungdom sine heimesider.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

3 Kommentarar

  1. Proletaren
    Posted 20. juni, 2007 at 21:53 | Permalink

    Hmm.. nyhende on esperanto også! Ja ja, munken ligg ikkje på latsida. Stadig noko nytt. Flott.

  2. Posted 21. juni, 2007 at 00:29 | Permalink

    Godt, godt. Eg var nett gått tom for styggord på esperanto, så denne postinga kom i grevens tid!

  3. drleiv
    Posted 4. juli, 2007 at 10:55 | Permalink

    Eg trudde at esperanto var konstruert for å vere eit så enkelt språk som mogleg. Korleis kan det då ha seg at Britio Anonima kunne hevde seg i konkurransen med følgjande uttrykk:

    "Fipavianpostaĵfetorhavantaĉo"

    Og kva betyr det?