Folkeopplysning

Eg las litt i Mekkeboka til Syklistenes landsforening idag og støytte på ordet unbrako. Kunne dette verkeleg stemme? Det heiter då verkeleg umbrako. Dette kunne også kollega S, ein røynd herremann i sin beste alder, skrive under på. Stort var sjokket då umbrako gav 799 treff på Google, medan unbrako gav 33,200. Då vi i tillegg fann følgjande på dansk Wikipedia, måtte vi innsjå vi at slaget var tapt:

Hovedparten af den danske befolkning udtaler og tror skruetypen hedder Umbrako, hvilket er en misforståelse idet firmaet retteligt hedder Unbrako.

Heldigvis kan eg søke trøyst hjå majoriteten av det danske folk.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg