David Rawlings er Gud

Gillian Welch-konserten på Lille Vega i København vart ei triumfferd alldeles.

På førehand visste eg ikkje heilt kva eg kunne vente meg. Gode låtar og flinke musikarar var eg sikker på å få, og eg trudde på at det kunne verte ei sakral oppleving. Men eg visste ikkje korleis duoen ville vere på scena, og det var vel der overraskinga kom. Eg trudde nok at Gillian ville vere sjarmerande, og det stemte sjølvsagt. Men at David Rawlings skulle ha sjarm i bøtter og spann var ein skrell. Eg forventa han vel som ein stødig, taus bakgrunnsfigur, men mannen var med på showet i stor grad, han kler godt sin tilsynelatande sjenerte stil. Dei to har ein openberr kjemi seg imellom, det gnistrar frå scena.

Gillian og David var åleine med gitarane sine, Gillian drog i tillegg fram banjoen ved nokre høve. Setlista var på mange måtar som venta, med kvalitet i alle ledd. Mest spelte dei frå Time (The Revelator). Eg var fullstendig klar over at Rawlings kunne spele gitar, men arbeidet han utførte på ei monsterutgåve av Revelator, kveldens absolutte høgdepunkt, står ikkje tilbake for noko eg har høyrt før. Ellers venta eg lenge på Everything is free, og den kom seint, men godt. Ekstranummeret brukte dei til å spele tre coverlåtar. Då kunne ein vel tenkt seg å få høyre Hickory Wind, men vi måtte nøye oss med Albuquerque, Jackson og Long black veil. Den dynamiske duoen sang strålande heile kvelden, og imponerte nok mest då dei avslutta med Long black veil utan mikrofon.

Dei spelte to sett (50 min + 70 min), slikt kan ein vel ikkje rekne med å få oppleve verken under Lost Weekend eller Down on the Farm. Men dei to er så festivalrutinerte at eg trur det er fullt mogleg for dei å eige Kollevågen òg. Her er det berre å glede seg.

Sjå også

6 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 1. august, 2007 at 20:06 | Permalink

    Takk skal du ha! Dette høyrtest uslåeleg ut. 50 + 70 min kan vi nok berre oppleve i våre våtaste (!) draumar.

    Albuquerque er etter mi meining ein god erstatning for Hickory Wind.

  2. jonspion
    Posted 2. august, 2007 at 08:53 | Permalink

    "Setlista var på mange måtar som venta, med kvalitet i alle ledd." - dagens understatement.

    Fantastisk. Gleder meg som ei bikkje.

  3. jonspion
    Posted 2. august, 2007 at 09:00 | Permalink

    Også Peter Schollert i JP er fornøyd:

    http://jp.dk/kultur/koncerter/article1027159.ece

  4. Drleiv
    Posted 3. august, 2007 at 00:11 | Permalink

    Om nokon skulle vere i tvil: eg òg gler meg!

  5. hvrd
    Posted 4. august, 2007 at 03:17 | Permalink

    Det vart ein strålande konsert på Askøy (Kollegvåg) òg, det er berre å ta av seg hattar og evt. andre hovudplagg. Dei gjekk på scena like over 18 og heldt det gåande i nærare ein og ein halv time time til stor glede og stormande jubel frå samtlege oppmøtte.

    Prisen for beste publikummar denne kvelden gjekk til Kristopher Schau som viste ein entusiasme og musikkglede som ingen tidlegare har vore vitne til på ein konsert i denne sjangeren. Honnør.

  6. jonspion
    Posted 4. august, 2007 at 13:42 | Permalink

    Helt fantastisk. Terningkast 100.