Bås

Band og artistar og musikken deira vert stadig sett i ulike kategoriar, men det er ikkje alltid at det er så lett for potensielle kjøparar å bli klok på dei stadig nye båsane. På Gardermoen låg Gøteborgs-Posten der dei melde ein del nye plater i for meg nye musikk-kategoriar. Eg nemner i fleng: indiehiphop, synt-funk, electrosoul, balkandisco, laidback-rock, slow-country og afrosoul.

Det for ein del ufjelglesarar ikkje heilt ukjende bandet Ungdomskulen kjem i den næraste framtid med plata Cry-baby. Ho er allereie meld i eit tysk magasin, og dei putta musikken i båsen highspeed alternative/jazzprog. Nokon betre?

Sjå også

Ein kommentar

  1. hvrd
    Posted 4. oktober, 2007 at 10:48 | Permalink

    Highspeed alternative/jazzprog er vanskeleg å matche, men eg er svært svak for adult contemporary singer songwriter og neo-psykedelisk indie-folk.