AVLYST: Popquiz

Grunna uventa omstende må diverre den planlagde quizen avlysast. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører. Men frykt ikkje, quizen kjem.

På fredag førstkomande kl 14 vert den første online popquizen i Ufjelg-historia arrangert. Regel: Den som får høgst poengsum innan kl 18 same ettermiddag vert kåra som vinnar. Alle tilgjengelege hjelpemiddel er sjølvsagt lov. Dersom dette vert ein suksess, betinga eller ubetinga, vert det fleire quizar utover hausten og premie til samanlagtvinnar. Følg med fredag kl 14.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

7 Kommentarar

  1. Posted 17. oktober, 2007 at 11:10 | Permalink

    Aiai, dette skulle eg kjempehjerne vore med på - men er diverre oppteken (fotooppdrag i syndens pøl) fredag.

  2. hvrd
    Posted 17. oktober, 2007 at 12:18 | Permalink

    Synd, oppgåvene er skreddarsydde for deg, men det er lov med stand-in.

  3. Proletaren
    Posted 17. oktober, 2007 at 17:04 | Permalink

    Akkurat kvar er syndens pøl?

  4. baardemannen
    Posted 21. oktober, 2007 at 03:10 | Permalink

    Oh no!!!
    No er helga øydelagd!

  5. Posted 21. oktober, 2007 at 15:48 | Permalink

    Gode greier. Eg hadde eigentleg ordna meg med stand-in på plass i Berlin - kan hende vi beggje kan ta del når quizen dukkar opp.

    Til Proletaren: I nett dette tilfellet - og sikker i ein god del andre, som eg ikkje skal komme nærare inn på her, om du skjønar kva eg meiner - ligg syndens pøl cirka tretten kilometer utanfor Naustdal (i retning Jølster).

  6. drleiv
    Posted 22. oktober, 2007 at 09:06 | Permalink

    Arild: Er Åsedalen syndens pøl? No faller brikkene på plass...

  7. hvrd
    Posted 22. oktober, 2007 at 13:11 | Permalink

    Hint: Skywalk.