Frå samfunnsmedviten borgar til sjuk sjuk sjuk kikkar

Desse skattelistene har aldri brydd meg noko nemneverdig. Eg har registrert at nok ein gong vel ein del høgt profilerte eller velståande personar å bidra oppsiktsvekkjande lite til felleskapen. Eg har fått med meg at Sigurd Rushfeld har lagt seg opp litt etter nokre år i utlandet. Greit nok. Og så tenkt eg ikkje meir på skattelister og slikt. Ikkje før eg fekk ein epost av min far. Han kunne fortelje at eg tente meir enn han, men at han betalte meir skatt. Min eigen far, der altså. Jasså, så vi er begynt å sjekke skattelistene?! Eg måtte då finne ut kva han tente, skatta og hadde i evt. formue, og så var ballet i gong. For når eg fyrst hadde funne ut kva min far var god for, så kom det jo opp ti på topp i hans årskull og skattekommune. Då måtte eg finne ut korleis eg gjorde det i høvet til jamnaldringar i min noverande skattekommune og i Førde. Gamle klassekameratar vart gravde fram. Slekt, svigerforeldre, naboar og kollegaer måtte sjekkast. Ingen gjekk fri. Til og med ufjelg-bidragsytarar kom under lupa.

Eg hadde ikkje trudd dette om meg sjølv. At eg skulle synke så djupt. Men det er så altfor lett tilgjenge til skattelistene. Dette kan ikkje halde fram. Tenk kva som kan skje om verkeleg sjuke folk byrjar med dette. Nei uff. Eg får seie som Kjetil Brottveit i Dag og Tid; no vert det FRP.

Sjå også