Dei beste platene i 2007

gg
No då 2007 går mot historiebøkene, er det naurleg å oppsumere musikkåret. Dette er dei beste platene frå året som har gått:

20. Clap your hands say yeah: Some loud thunder
19. Spoon: Ga ga ga ga ga
18. Modest mouse: We were dead before the ship even sank
17. Andrew Bird: Armchair apocrypha
16. Dinosaur Jr. : Beyond
15. Elliot smith: New moon
14. Robert plant & Alison Krauss: Raising sand
13. Iron & wine: Sheperd’s dog
12. Neil Young: Live at Massey hall
11. The view: Hats off to the buskers

10. The Clientele: God save the clientele
The Clientele lagar så sukkersøt musikk at ein tek seg sjølv i å få smilehol, men dei gjer dessverre den klassiske tabben det er å tilsette eit kilo sukker i staden for ei teskei, slik at ein til slutt utviklar diabetes.

9. Anna Jærvinen: Jag fick feeling
Eit litt ujamt låtmateriale pregar dessverre og denne kosepop-plata, men på sitt beste avslører kritikarfavoritten Anna Jærvinen stort potensiale. Dungen står for akkonpagnement, og saman med den nydelege fløyelsstemma til Jærvinen skapar dei ei deilig stemning, som truleg gjer musikken særs veleigna til å lytte til framfor ein knitrande peis i ei gamal hytte langt inne i skogen.

8. Beirut: The flying club cup
Fjorårets Gulag Orkestar var ei vellukka musikalsk reise i austeuropa, og Zach Condon - som er Beirut, er framleis på reisefot. Denne gongen har han vore i Paris, men Beirut høyres framleis ut som eit omreisande sigøynerorkester. Som på debutplata nyttar Condon alle tenkjeleg instrument for å skape den rette stemninga - horn, ukulele og trekkspel er berre nokre av desse. Dette fungerer godt, fordi låtane er sterke nok til å stå på eigne bein. Den einaste innvendinga eg har, er at det er litt lite variasjon i låtmaterialet.

7. Jens Lekman: Night falls over Kortedala
Denne sjarmerande svensken openbarte sitt talent på Oh, you’re som silent Jens, men Night falls over Kortedala er ei meir velprodusert plate, med eit mykje meir homogent lydbilete. Lekman har alltid skrive tekstar som høyrer heime i det koordinatsystemet der aksane banalt og genialt møtest, og dette er på ingen måte eit unnatak. Den beste låta er A postcard to Nina. Den handlar om Jens sjølv, som skal late som om han er kjærasten til Nina, som er lesbisk, men som har ein gamaldags og intoleratant far som ikkje trur på denslags. Svært fornøyeleg.

6. Bright eyes: Cassadaga

Forventningane var enorme etter meisterverket I’m wide awake it’s morning frå 2005, og
sjølv om årets utgjeving frå Bright eyes er svært bra, verkar den litt bleik samanlikna med
denne. Frontfigur Conor Oberst, som i katalogen sin har både elektronisk indierock og sint
kassegitarcountrypop ser no ut til å satse på sistnemnde kategori. På sitt beste når plata
opp mot gamle høgder, men den er diverre ikkje like heilstøpt som den forrige.

5. Shout out louds: Our ill wills
Denne svenske gruppa er årets store nye oppdaging for min del. Shout out louds formidlar ei særeiga form for energisk melankoli. Tekstar med svært nedstemmande innhald blir akkopagnert av dynamisk rock inspirert av m.a. Smiths og The cure. Kanonbra.

4. Arcade fire: Neon bible
Det er nesten umogeleg å følje opp den eminente Funeral, men Neon Bible er eit strålande forsøk. På Antichrist television blues simulerar dei Bruce Springsteen bedre enn han klarar sjølv, og Intervention er på høgde med alt på førsteplata. Arcade fire er kanskje det mest spanande bandet i samtida, og dei kan bli så store som dei berre vil.

3. The shins: Wincing the night away

Den er ingen som lagar meir fullkomne poplåtar enn James Mercer i The shins. Dette er popkunst på høgde med det beste frå Lennon/McCartney og Brian Wilson. Denne plata er meir leiken og eksperimentell enn dei føregåande, men dei desidert beste låtane er dei som held seg til den gamle, velkjende formelen. Som heilskap er plata veldig varierande, men høgdepunkta er så fantastiske at det blir bra i sum.

2. Okkervil river: The stage names
Alt som har komme frå denne kanten har vore strålande. Dette er eit førebels høgdepunkt. Oppskriften er rock n’ roll i tradisjonen etter Neil Young, i skjønn symbiose med strålande rockepoesi, framført med slentrande og sjarmerande vokal.

1. Wilco: Sky blue sky
Etter mange år med eksperimentering, har Wilco no landa med beina trygt planta i amerikansk musikktradisjon. Der han tidlegare laga melodiar med nydelege parti som etter kvart får ein meir krevande vri, er låtane her enkle og heilstøpte pop-perler. Mange vil nok sakne den meir eksentriske sida av Wilco, og ikkje nødvendigvis kjøpe hans versjon av The straight story, men for meg har dette vore årets musikalske høgdepunkt. Plata var umiddelbart fengande då den kom tidleg i år, og den høyres framleis fantastisk ut no ved juletider.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg

3 Kommentarar

  1. hvrd
    Posted 28. desember, 2007 at 20:43 | Permalink

    Takk, Bårdemann.

  2. Proletaren
    Posted 30. desember, 2007 at 16:50 | Permalink

    Hmm.. Jeff Tweedy må vere skild ved fødselen frå sin tvilling Patrick Lundberg frå Ai Phoenix!

  3. jonspion
    Posted 2. januar, 2008 at 09:24 | Permalink

    Flott liste. Hadde glemt hvor mange gode plater som har kommet i 2007.