Mike Patton/Stian Carstensen på Logen

Carstensen har tidlegare fått stipend for å studere afrokeltisk folkemusikk frå Appalachene, altså bluegrass, og han er også bevandra innanfor balkanmusikken. Denne kvelden fekk vi servert dette, i tillegg til primalskrik og lydeffektar frå Mike, The Human Beat Box, og smørsang av finaste sort. Den einaste som var skuffa etter denne konserten var han med Angel Dust t-skjorte som stod ved sidan av meg. Her er nokre klipp frå Youtuben.

Sjå også

  • Ingen beslekta innlegg