Tambarskjelvar – Anga 4-4

1. mai spelte Tambarskjelvar sitt nyoppstarta A-lag treningskamp mot den gamle kjempen Anga. Resultatet enda 4-4 og Ufjelgs sportsredaksjon gratulerer Tambar-gutane med sin første kamp etter nyoppstartinga utan tap. Referat frå kampen på Tambar.no.

Første seriekamp er mot Gaular 2 den 6. mai på Naustdal stadion. Møt opp!

Sjå også

Tags: , , , ,

6 Responses to “Tambarskjelvar – Anga 4-4”

  1. drleiv says:

    Imponerande! 4-4 mot Anga er noko å ta med seg. Anga er jo Sunnfjord sitt Leeds; ein sovande kjempe. I referatet var det fyldig dekning av Tambar sin innsats, men kven var Anga sine målscorarar?

  2. baardemannen says:

    Møtte Bolen i Førdehuset i kveld, og han kunne fortelje at Anga nett har tapt i seriepremieren. Det var trist å høyre.

  3. baardemannen says:

    Når det gjeld målscorarar så finn du dei her:

    http://idrett.speaker.no/organisation.asp?id=55924

  4. hvrd says:

    Skal sei dei har gjort sitt for å anonymisere bileta av spelarane på Anga-nettstaden.

    Tambarskjelvar vann forøvrig 3-0 i første seriekamp mot Gaular 2. Det er nærliggande å tru at eit referat frå kampen vil foreligge på http://tambar.no om ikkje så lenge. Kor vidt Gaular 2 sine målskorarar vil bli omtala der, vil eg ikke spekulere i, men eg oppmodar om å stile evt. innspel eller utspel direkte til skribentane på tambar.no

  5. Kazman says:

    Eg tar meg sjølv i å gå inn på tambar.no kvar dag. Takk skal du fanden meg ha, hvrd.

  6. hvrd says:

    Det er jo strålande!

    Dersom det hopar seg opp med nettsider i porteføljen, kan eg ikkje anna enn å anbefale deg å komme igang med RSS. Noko anna vil vere tøvete. Bruk t.d. Google Reader.