Moderne femkamp

21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein kavalerist på 1800-talet.

I herreklassen er verdsmeister av året Ilya Frolov ein av dei store favorittane. Det er også knytt stor spenning til om vinnaren frå Athen, Andrei Moiseev, vil klare å gjenta bragden frå 2004. På spinnesida er det store forhåpningar til om den egyptiske verdscupvinnaren frå i fjor, 20 år gamle Aya Medany, kan hamle opp med verdsmeisteren dei siste to åra, franske Amelia Caze.

Sjå også