Finanskrisa – sanninga

Eg har vorte aukande interessert i økonomi det siste året. Dei siste vekene har difor vore like spanande som eit tour de France, ja nesten på høgde med fotball-VM. Problemet har vore å finne edrueleg informasjon om kva som eigentleg skjer.

”Ekspertane” i DN og hegnar.no er som oftast representantar for meklarhus som overhovudet ikkje er nøytrale. Det er berre å lese Jan Andreassen i Landsbanki sine uttalelser det siste året, eller ulike representantar frå ”Prognose-senteret”, så blir dette ganske tydeleg. (Glitnir rauk idag, og når Landsbanki ryk i løpet av den næraste tida får Andreassen som fortent. Han jobba forøvrig i Terra Securities heilt til dei gjekk konkurs).

Våre politikarar virkar heller ikkje heilt å forstå kva som skjer, noko som kom ganske tydeleg fram i debatt på NRK i kveld. I dag vart planen der den amerikanske staten skulle kjøpe ”råtne” bustadlån for 700 mrd dollar stemt ned. Den umiddelbare reaksjonen til Stoltenberg var at han var skuffa over at politikarane i USA ikkje klarte å ta ”nødvendige steg”. Forfattaren av min favorittblogg for tida, Mish, er nok VELDIG ueinig med Stoltenberg, og har organisert ei kjempemønstring mot denne planen. For den som gidd å lese er det lett å forstå kvifor.

http://globaleconomicanalysis.blogspot.com/

Ein annan bra blogg:

http://boligkrakk.blogspot.com/

Denne bloggen er norsk, men dessverre ingen nye innlegg dei siste vekene. Forfattaren, Buffet, hadde ein FANTASTISK timing av sitt siste innlegg. Veldig mange bra innlegg i arkivet. Der kan ein sjå at det som skjer no faktisk var fullt mogleg å forutsjå.

Til slutt: på ein måte litt kjipt at den vestlege økonomien går ad undas og forbruket må reduserast ganske betrakteleg, men for kloden sin del er dette krakket svært kjærkoment!

Sjå også

15 Kommentarar

  1. baardemannen
    Posted 30. september, 2008 at 23:35 | Permalink

    Ja det hadde jo vore noko. Trur kanskje du litt for optimistisk. Verdsøkonomien er jo eit slags gigantisk pyramidespel der ein gjev inntrykk av at alle kan bli rike samtidig, medan dei samla ressursane i røynda er sterkt minkande. Likevel vil det jo framleis vere teoretisk mogeleg for oss å halde fram festen til det ikkje er meir att på bordet.

    Løp og kjøp

  2. hvrd
    Posted 2. oktober, 2008 at 08:18 | Permalink

    Det er tydelegvis ikkje heilt over.

  3. baardemannen
    Posted 2. oktober, 2008 at 17:21 | Permalink

    Mykje bra lesning på desse bloggane. Og det er sjølvsagt som Buffet seier i dag, at årsaken til krisa er at alt for mange har fått låne alt for mykje alt for billeg. Men i eit samfunn (og då tenker eg også på det norske) der det er ukontroversielt at økonomisk vekst er målet for alt, er det faktisk ikkje anna å vente. Hjula må jo haldast i gong som det heiter.

    Eg ser ikkje for meg noko babelsk utgong av dette; vi kjem nok berre til å byggje eit høgare tårn på ruinane av det gamle.

    Men, sjølvsagt - utsikter til ein periode med mindre forbruk må vi jo sjå lyst på.

  4. drleiv
    Posted 4. oktober, 2008 at 00:31 | Permalink

    Ikkje overraskande gjekk "the 700 billion bailout" gjennom i representantenes hus. "Ekspertane" har venta på denne planen med stor iver, og forklart at denne planen var naudsynt for å kunne friskmelde marknadane. Oslo børs gjekk til himmels i ettermiddag, og det er vanskeleg å sjå noko anna forklaring enn at investorane rekna det som sannsynleg at planen ville bli vedtatt og at aksjekursane difor ville gå oppover. Etter at planen vart vedtatt kunne ein på DN.no sine sider lese at vi ville få eit "relief-rally":

    http://www.dn.no/forsiden/borsMarked/article1504122.ece?jgo=c1_re_left_1

    Men kva skjer? Børsen i Amerika gjekk bratt nedover etter at planen vart godkjent. Mish gjev nok ein gong ein fornuftig (og svært deprimerande) forklaring:

    http://globaleconomicanalysis.blogspot.com/2008/10/bailout-bill-passed-so-what-happens-now.html

    Det er snart på tide å hamstre hermetikk...

  5. drleiv
    Posted 8. oktober, 2008 at 23:22 | Permalink

    Her er ein interessant artikkel om Island. Islendingane får nok denne finanskrisa hardare enn dei fleste, og det er neppe ufortent.

    http://www.guardian.co.uk/world/2008/oct/05/iceland.creditcrunch

    Ein avsluttande kommentar: Idag gjekk fleire land sine sentralbankar saman om å sette ned renta. Det er eit fantastisk paradoks at sentralbankane forsøker å løyse krisa med å sette ned renta. Grunnen til at vi har kome dit vi er idag er jo nettopp at vi i fleire år har hatt alt for billeg og lett tilgjengeleg kreditt!

  6. drleiv
    Posted 14. oktober, 2008 at 09:34 | Permalink

    På denne tråden diskuterar eg for tida med meg sjølv, noko som slett ikkje føles så ille. Men finanskrisa diskuterast heftig rundt om på diverse nettstader. Eit heilt sentralt tema som det ikkje er så lett å finne riktig svar på er: kor kjem alle pengane frå? Kvar dag dyttar regjeringane rundt om nye milliardar, billiardar og fantasilliardar inn i systemet. Men kor kjem pengane frå? Kvifor i alle dager lagar ikkje NRK eller ei finansavis ei reportasje om dette i staden for hjernedøde intervju med "ekspertar" som kvar dag uttalar at "bunnen er nådd" og "aksjer er på billigsalg".

    Er det ikkje heilt naivt å tru at ei krise som er forårsaka av billeg kreditt, kan løysast med å tilby endå meir kreditt? Og er det no ein gong så ille om ein må redusere forbruket sitt? Er det ikkje like greit at ein tar inn over seg at ressursane er begrensa, og det forbruket ein har hatt dei siste åra ikkje er bærekraftig. Før finanskrisa kom var miljø ei tid i fokus, og "alle" var einige om at ein måtte redusere forbruket for at kloden skulle vere leveleg for framtidige generasjonar. Men kva skjer?! Når ein plutseleg nedgang i finansmarkedet faktisk truar med at den økonomiske veksten stoppar opp og at folk byrjar å reduere forbruket blir det KRISE!! Folk må for all del ikkje slutte å bruke pengar, og alle regjeringane i verda samarbeider på ein måte og med slik iver som gjer at det er utruleg pinleg å tenkje på dei stusselege resultata ein har kome fram til når det gjeld forpliktande samarbeid omkring miljø, fattigdom og nedrusting. Eit skikkeleg krakk blir nok på mange måtar ubehageleg, men er det så ille å seie farvel til ein levestil som i stor grad har vore finansiert med lån og som i minst like stor grad har tært på verdiar som er avgrensa?

    Kor pengane kjem frå diskuterast bl.a. her:
    http://www.dn.no/forum/?display=topic&forum_id=614&topic_id=6018

  7. drleiv
    Posted 14. oktober, 2008 at 16:36 | Permalink

    Juleshopping i Dubai er eit døme på ein aktivitet som det er heilt greit at det blir slutt på:

    http://www.hegnar.no/reise_livsstil/article326228.ece

  8. baardemannen
    Posted 14. oktober, 2008 at 17:27 | Permalink

    Vel talt doktor. Sjølv om aksjekursar kan vere morosame å følgje med på, er den verkelege verda midt i ei alvorleg matkrise som faktisk drep folk som floger. Det er allereie alt for lite ferskvatn i verda, og skogane er sterkt minkande. Klimautsleppa i dag er berre barnemat i høve til dei vi vil måtte oppleve etterkvart som kinesarar, indarar og andre byrjar å nærme seg vårt forbruk.

    Ein rapport frå januar i år viser at delen av kinesiske utslepp som skuldast eksport til Noreg, nesten er tredobla i perioden 2001 - 2006. Vidare fortel rapporten at ein gjennomsnittleg norsk familie er ansvarleg for like mykje utslepp av Co2 i Kina som ein gjennomsnittleg kinesar (!).

    http://www.wwf.no/om_wwf/dette_jobber_med/naturvern_i_utviklingsland/nyheter/index.cfm?uNewsID=15960

    Dei som lurer på korleis det går med dei norske kutta av Co2, kan lese på Miljøstatus, som er publisert av Statens forurensingstilsyn på oppdrag frå Miljøverndepartementet:
    http://www.miljostatus.no/Tema/Klima/Klima/Utslipp-av-klimagasser/Karbondioksid-CO2-utslipp/ :

    Eit utdrag:
    "Fram mot 2010 forventes en stor økning i utslippene fra oppstart av gasskraftverket på Kårstø og energianlegget til Snøhvit på Melkøya uten CO2-fangst. Men også fra olje- og gassvirksomheten og fra fyring og transport forventes en økning på grunn av den økonomiske veksten.Utslippet av CO2 i 2010 vil da ligge ca 45 prosent over nivået i 1990."

    Det er skremmande lesning, men mykje meir skremmande enn alt dette til saman, og ein verkeleg god grunn til å vere pessimist, er dette:

    http://math.berkeley.edu/~galen/popclk.html

  9. drleiv
    Posted 14. oktober, 2008 at 22:02 | Permalink

    Takk for interessante linkar! Dei siste åra har dei fleste fått med seg at drivhuseffekten er reell og at om vi ikkje gjer noko med utsleppa vil kloden bli ein lite triveleg plass å bu på; ikkje berre for isbjørnar. Likevel aukar utsleppa. CO2-kvoter vart lansert som eit alternativ. Ideen er genial, og systemet ville faktisk fungert hadde det ikkje vore for at det førebels er frivillig å kjøpe CO2 kvoter. For så lenge folk kan VELGE mellom flybilett+CO2-kvote og flybillett+max taxfree-kvote til same pris, vil skuffande mange velge alternativ 2.

    Og no blir diskusjonen nesten filosofisk. For den store utfordringa i eit demokrati er å få tilstrekkeleg mange til å få eit tilstrekkeleg vidt perspektiv på ting til å forstå at å velge bort umiddelbare goder (som billeg bensin, bacon og flybillettar) vil vere heilt naudsynt for å oppnå viktigare ting på lang sikt (å ha ein klode som er leveleg om 100 år).

    Eg har vorte skremt av finanskrisa, men ikkje på den måten som ”ekspertane” og politikarane er skremt. Dei er livredde fallande aksjekursar, konkursar og ikkje minst det skumlaste av alt; resesjon. Eg veit ikkje kor mange gonger eg har lese overskrifter av typen ”USA er på vei inn i en RESESJON!!”. Det tok ei tid før eg forstod kva resesjon faktisk var, men eg var ikkje tvil om at det var noko alvorleg. Eg vart difor noko overraska då eg endeleg las definisjonen.

    Frå Wikipedia ”En resesjon (eller nedgang, tilbakegang) er i makroøkonomi normalt definert som et fall i et lands bruttonasjonalprodukt i to eller flere påfølgende kvartaler.”

    Utsiktene til at ein ikkje skal klare å opprettholde ein KONTINUERLIG økonomisk vekst er altså så alvorleg at det får alle vestlege land til å samarbeide på ein måte og med ein slik innsats at det er historisk unikt. Og det er det som har skremt meg mest med denne krisa, for det syner veldig tydeleg kor fokuset er; forbruk og økonomisk vekst er det desidert viktigaste i vesten, og sjansen for at fokuset skal flyttast virkar å vere liten. Det faktum at om vi ikkje endrar forbruket radikalt blir kloden uleveleg innan 2-3 generasjonar, betyr INGENTING samanlikna med angsten for resesjon.

    Sjølvsagt er det hardt med eit krakk, med påfølgjande konkursar og arbeidsløyse. Sjølvsagt er det tragisk om folk ikkje klarar å betale huslåna sine. Men kva er alternativet? Skal ein halde fram med å kjøpe leiligheter med 100000 kroner i innskot og 2 millionar i fellesgjeld; til og med kjøpe dei på impuls og betale innskotet med kredittkort. Skal ein halde fram med å ta opp rammelån på huset og svi det av på flatskjermar og ”juleshopping i Dubai”?

    Det er nok av oppgåver som treng å løysast, så det det er berre bra at samfunnet forstår at ein ikkje lengre har råd til å lønne ein armada av meklarar, spekulantar, eigedomsmeklarar (ikkje minst!!), trendanalytikarar og glamourmodellar. Det er på tide å slutte å svi av millionar på motivasjonsseminar og teambuildingturar til Praha. Til dei som er redde for arbeidsløyse når ein kniper inn på pengebruken til slike aktivitetar, burde det vere nok å kviskre: ”eldrebølgen”.

    For at kloden ikkje skal gå ad undas i løpet av vår levetid veit ”alle” at det må skje noko drastisk med vårt forbruk. I så måte bør vi ønskje eit finanskrakk velkomen. Difor er det dobbelt skuffande at politikarane våre (finansministeren er til og med frå miljøpartiet SV!) brukar skattebetalarane sine penger til å fortsette å blåse opp ei boble som bør få sprekke.

  10. drleiv
    Posted 17. oktober, 2008 at 16:03 | Permalink

    Ingenting er som å starte helga med ei gladsak! Som eg skreiv i eit av dei innleiande innlegga på denne tråden nærma dagen seg då den mest håplause "eksperten" av alle, Jan Andreassen (aka Terra-Jan, aka Landsbanki-jan), skulle få som fortent. Den dagen har vi allereie passert! Siste intervju på Hegnar.no har han berre tittelen sjefsøkonom:

    http://www.hegnar.no/personlig_okonomi/article326795.ece

    Eit par dagar i førevegen kunne vi lese eit rørande intervju med kor uheldig han hadde vore dei siste mnd:

    http://www.hegnar.no/okonomi/article325012.ece

    God helg!

  11. baardemannen
    Posted 18. oktober, 2008 at 00:15 | Permalink

    Kvar kjem pengane frå?

    Det er ulike tydingar av omgrepet pengar.

    Det finst fysiske pengar i den sanselege verda, i form av myntar og sedlar. Desse er det enkelt å trykke opp, og dei blir no trykt opp i stort tempo overalt i verda, med dei konsekvensane det vil få for verdien av pengane.

    I tillegg finst det ein heil del imaginære pengar som långjevarar diktar opp, og som kun eksisterer i folk sin fantasi. Desse har auka endå raskare i kvantitet, og har gjort den eineståande velstandsauka i vesten mogeleg.

    USA sin økonomi kviler sterkt på den siste tydinga av ordet. Ved å dikte opp masse pengar har dei klart å halde konsumet høgt og sysselsetjinga på eit akseptabelt nivå. Tilsvarande har den amerikanske staten, ved å late som om inntektene er i nærleiken av å dekke utgiftene, kunne halde fram med å føre ein politikk som gjev folk skattelette og billege lån.

    John McCain vil sjølvsagt ha skattane endå lågare, og Barack Obama vil gje skattelette til 95% av amerikanarane. Det er kun dei med god fantasi som ser at reknestykket går opp. Ingen av kandidatane verkar truverdige i økonomiske spørsmål. Men det kan tenkjast at det kjem noko godt ut av dette på sikt, og at vi vil sjå eit meir "sosialt" og ansvarleg USA i framtida. I dag er eg optimist.

  12. drleiv
    Posted 21. oktober, 2008 at 20:36 | Permalink

    Medan bankane ventar på redningspakka har dei vorte kjipe når det gjelder å låne ut pengar. Det er ikkje like lett å få lån til flatskjerm, SUV, sydentur og andre "må-ha" ting. Men Dagens Næringsliv veit råd:

    http://www.dn.no/privatokonomi/article1515341.ece?jgo=c1_re_right_27

  13. baardemannen
    Posted 24. oktober, 2008 at 23:23 | Permalink

    "Ideologiene er døde", heiter det i nyare samfunnsfagleg litteratur, og viss ein lurer på om det stemmer er det berre å høyre på kva SV-politikarar seier i desse dagar. Det finst knapt nok seriøs opposisjon mot forbruksforkjemparane på Stortinget. Eg veit ikkje om det er fordi handlingsrommet er så lite på grunn av omsynet til neste val, eller om dei faktisk er nyfrelste. Problemet er at dei på sett og vis har rett. Det økonomiske systemet tåler ikkje langvarig resesjon. Viss ein tur/retur - billett til Paris kosta 4000 kroner - som i 1990 eller deromkring, og ikkje 500 kroner som no, ville flyselskapa her i landet gå ad undas. Alt må bli meir effektivt. Dømet kan overførast til alle sektorar i samfunnet.

    Den globale økonomien har framleis mykje å hente. Ved å satse på større produksjonseiningar kan kostnadane framleis reduserast mykje. Til dømes burde all bilindustri vore plassert i eitt land istaden for slik det er no med mange konkurrerande bilfabrikantar. Stordriftsfordelane er openbare. Outsourcing er eit anna døme der potensialet ikkje på langt nær er oppfylt. Når afrikanske land etter kvart opplever større politisk stabilitet, vil dei kunne vere ein mykje større marknad for billeg arbeidskraft. Alternativa til det gjeldande paradigmet vil nok berre verke meir og meir sære etter kvart som framskrittet går sin gong.

    Det er eigentleg ingen grenser for kor rik ein kan bli, og for økonomiane i vesten har det til no verka usannsynleg at det finst grenser. Men på eit gitt tidspunkt blir det tydeleg at verdien av pengane faktisk er relativ til ein konstant; at pengeverdien i røynda er relativ til reint fysiske, empiriske fakta. Det finst ein einaste måte å unngå dette ubehagelege faktumet på, og det er å utbytte svakare økonomiar i underutvikla land. Det er ikkje ei ny øving, men det er veldig mykje meir å hente. Men her vil linja fort bli til ein asymptote. Idet den globale økonomien når sitt topp-punkt, vil den også vere ferdig. Treet veks ikkje inn i himmelen, men rotnar frå rota og opp. Det er logisk.

    Når det gjeld situasjonen på Oslo børs, vil eg som vikarierande finansanalytikar hevde at den er ein indikasjon på at vi går mot tider med høgare arbeidsløyse og synkande boligprisar.

  14. drleiv
    Posted 29. oktober, 2008 at 15:43 | Permalink

    Min økonomi-mentor Buffet har endeleg kome med eit nytt innlegg på sin blogg, så då er det omsider mogleg å lese ein fornuftig artikkel om finanskrisa. Dyster, men interessant.

    http://boligkrakk.blogspot.com/2008/10/when-will-they-ever-learn.html

  15. drleiv
    Posted 30. oktober, 2008 at 16:08 | Permalink

    Har funne ein ny lovande blogg. I den siste linken er det kommentar til Dørum (DNBNor) sitt utspel der han advarte mot å spare pengar på julepresangar. For ein fyr...

    http://kvalitetssynsing.wordpress.com/2008/10/29/hvem-har-skylden/

    http://kvalitetssynsing.wordpress.com/2008/10/29/vg-advarer-mot-a-spare-pa-julegavene/