Dobbeldans og pop

Det var ikkje fritt for at eg fekk ein smule hakeslepp då eg las omtalen av debutplata til bandet KaRL BaRX, A Produkt of Imagination:

[...]men det er fortsatt vokalist/gitarist Sigurd Brørs som styrer skuta.

I am not kidding you. Dette er altså Sigurd Brørs frå Surnadal IL, bror til Sturla. What do you give me? Og som ikkje dette var nok, det eg har høyrt frå plata er riktig så bra.

Brørs har bikka 40 og forklarar i Adresseavisa at årsaka til at han debuterer i såpass høg alder er at han lenge låg i intellektuell koma på grunn av langrennskarrieren.

Sjå også

Ein kommentar

  1. Posted 28. november, 2008 at 23:44 | Permalink

    Surnadal hadde eit heilt ok langrennslag i si tid. Berre så synd for dei at Tor Håkon og Geir Holte gjekk Hokksund til siger etter siger i NM. Håper Tor Håkon snart tar seg sammen og spelar inn ein CD!