I rotasjon

På platespelaren for tida er siste plata til Morrissey, Years of refusal. Den er strålande, og mykje betre enn førre forsøk frå den kanten. Det lovar bra for Oslo-besøket i vår. The crying light med Antony and the Johnsons får og mykje speletid. Var i utgangspunktet skeptisk til om Antony kunne følgje opp suksessen med I am a bird now, men det klarar han faktisk. Så vil eg til slutt nemne The tallest man on earth med plata Shallow graves. Han er ein Dylan-inspirert, svensk trubadur som skriv utsøkte melodiar.

Ein smakebit frå sistnemnde: (med Nick Drake-intro)

Sjå også

Ein kommentar

  1. Runar
    Posted 6. februar, 2009 at 22:11 | Permalink

    ser fram til å høyre siste nytt frå både morrissey og fuglemannen. Og for å sitere lou reed: antony syng som ein engel. Veldig og fin ny plate, men syns fortsatt at den sjølvtitulerte debutplata er best eg. Gledar meg som ein liten unge til konserten i grieghallen 15.mars.... forventar gåsehud, utelukkar ikkje tårer;)