Amerika er film/filmen er amerikansk

Som småbarnsfar med kveldsjobb er det ikkje ofte det byr seg ein frikveld til å til dømes gå på kino. I kveld fekk eg sjansen, men det var ikkje noko på plakaten som umiddelbart fengja interessa. Eg fall då ned på ein actionfilm, og vona på grei underhaldning. Og jaudå, det var då for so vidt underhaldande. Men makan til dritfilm!

Filmen Taken handlar om at dottera til ein tidlegare kommandosoldat reiser på ferie til Paris saman med ei vennine. Dei vert kidnappa av albansk mafia. Ikkje uventa klarer vår helt å spore opp skurkane, men ikkje utan fyrst å ha rasert Charles de Gaulle lufthamn, og teke livet av store deler av minoritetsbefolkinga i Paris.

Det er usikkert om denne filmen er ein kritikk av amerikansk krigsmentalitet eller ein legitimering av valdsbruk til å oppnå (sine) mål. For når noko ein har kjært er krenka, ja då kan ein nytte alle moglege middel for å få oppreising. Helten si dotter er kidnappa i Paris. Han veit best. Gå inn sjølv, ikkje snakk om å bruke politietaten. Må 100-200 albanarar døy for at han skal oppnå sine mål? Jau så får det bli slik. Var det slik at ein liten del av eit avsidesliggjande land i Austen ønskte å organisere samfunnet sitt på ein annan måte enn den amerikanske? Ja så får vi finne opp noko som brenn under vatn, og svi av heile Søraust-Asia. Jasså, ei gruppe terroristar frå ulike land, flyg inn i to hus i New York og krev 3000 amerikanske liv? La oss teppebombe eh.. Ja! vi tek Afganistan! Dei har uansett vore i krig sidan 1980, så 120 000 sivile drepne av bombinga gjer sikkert ingen forskjel. Her står det på eit papir at Irak er eit slemt land der opptil 20 ikkje namngitte peronar har uttala seg positive til terrorisering av Amerika. Ja då får vi heller invadere, skape kaos og drepe tusenvis av sivile der også. Skulle berre mangle.

Tykkjer du dette var noko USA-kritisk? I´VE NOT YET STARTED!!

Sjå også

2 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 2. april, 2009 at 10:07 | Permalink

    Artig at ein film kan skape ein slikt raseri! Men eg forstår deg, Proletaren, for eg og har sett Taken. Det var Snorreb som plukka ut denne filmen mellom Oslo sitt varierte filmtilbod, og sjølv om ein må respektere at folk har ulike kulturelle preferansar, har han fått kritikk for dette valet.

    Historia i Taken er syltynn og karakterane er svært lite truverdige. Hovudpersonen har i tillegg ei fantastisk evne til å ikkje reflektere noko over det som skjer undervegs i filmen. I jakta på den kidnappa dattera si finn han bl.a. bestevenninna hennar drept utan at dette får han til å stoppe opp eit lite sekund ein gong. Han holder uavbrutt fram med knertinga av albanere og arabere.

    Du forstår ganske raskt at dette er ein drittfilm, og om ein ikkje forlater kinoen med ein gong, er det påkrevd med mestringsstrategi. I så måte valgte eg nok ei litt anna løysing enn Proletaren. For om ein kuttar ut all kritisk tenkning, refleksjon og andre hjernefunksjonar relatert til frontallappen, ligger det eit visst underholdningsaspekt i "glad-vold". Sjølvsagt ikkje nok til at det rettferdiggjer at denne filmen er satt opp på kino i Norge, men det døyver aggresjonen over dette såpass at ein slepp å trekke inn storpolitikk og tankar om Amerikas undergang 🙂

    Filmen anbefalast IKKJE! Det gjer derimot: Man on Wire, The Wrestler og Vals med Bashir. Fantastiske filmar alle saman!

    Om ein derimot har sansen for usannsynlege historiar, med lite reflektere og karikert skurkeaktige folk i hovedrollene, er det ingenting som slår Arne Hvidsten vs Trafford-sagaen!

  2. snorreb
    Posted 4. april, 2009 at 12:40 | Permalink

    Hei hei hei!!

    Sanninga er at vi mumlande gjekk i ring i forvirring over kva film vi kunne sjå den kvelden. Eg sa då at "Taken" er den mest sette filmen i år, og at eg hadde lest at dette var ein drivande actionfilm litt i Jason Bourne gata. Leiv, som jo elskar ein god actionfilm, synes dette var verd å sjekke ut.

    Ellers heilt samd i konklusjonen din Leiv. Nesten litt rart at dei lagar ein slik film idag. Den virker utdatert og gamalmodig med eit slikt Ramboaktig hevnplot..

    Nei. Vi skulle heller sett igjen den fabelaktige "A history of violence" Når det kjem til hevnfilmar er den i ein heilt anna divisjon!