Ufjelg Spotifyliste 1

Det er ei stund sidan ny og/eller ukjend musikk har vore så kjekt som no etter at Spotify dukka opp.

Eg har oppretta ei kollaborativ speleliste og lagt til tre hits og oppfordrar alle til å gjere det samme. Post gjerne ein kommentar med kva du har lagt til.

Her er mine bidrag:

  • Glass - Bat for Lashes
  • Kings - Steely Dan
  • The Strangers - St Vincent

PS! Dersom du ikkje får linken over til å fungere kan du lime inn følgjande i søkefeltet: spotify:user:hgrimelid:playlist:00d6Bq8UcaYE7ZZlwtXfo4

Sjå også

9 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 20. mai, 2009 at 22:37 | Permalink

    Bra tiltak!

    Eg har lagt tre låtar. To av dei er frå Eminem sitt nye album, Relapse. Albumet har fått litt variert kritikk, men mitt førsteinntrykk er veldig bra.

    Dei siste åra før denne plata har han visstnok brukt til å sitte i huset sitt i Detroit og har fylt dagane med TV-spel, pillemisbruk og junkfood. Det finnast kanskje dei som synast dette høyrest ut som sjølve OPPSKRIFTA på det gode liv, men Eminem er ganske klar på at det kan bli for mykje av det gode. Resultatet er at han no er så full av (sjølv)forakt og bitterhet at han på nytt har materiale til å lage genialt aggressive tekstar.

    Det er ikkje alt som er like lett å forstå, men han er i det minste mykje lettare å forstå enn andre artistar i denne sjangeren. Og nivået på tekstane er uovertruffent. Melodiane er også fengande, i det minste lovande.

    Etter to Eminem låter, følte eg for å safe litt med mitt sistevalg. Trur eg også tidlegare har anbefalt The Pirates Gospel med Alela Diane, men den kan trygt anbefalast på nytt. Ein fengande cowboy-låt!

  2. baardemannen
    Posted 22. mai, 2009 at 18:30 | Permalink

    Har kun ei låt førebels. Kjem kanskje attende med fleire.

    Mitt val fall på Hall of the dead med Isis. Denne låta har alt: eit steintøft gitarriff, brøling, syngjing og skriking og lange melodiøse instrumentalparti. Alt i alt ein fantastisk komposisjon som på same tid er aggresiv, stemningsfull og vakker.

    Låta gjev meg lyst til å jogge eller spele Dungeons & Dragons.

  3. hvrd
    Posted 25. mai, 2009 at 10:10 | Permalink

    Fet låt, det der, Bårdemann.

    Sidan lista framleis er i kortaste laget, har eg lagt til litt kjend og kjær rock:

    ZZ Top - Gimme All Your Lovin
    Deep Purple - Burn

    Gitarsoloen på Burn rundt ca 2:18 er av det beste vi har høyrt.

  4. Posted 31. mai, 2009 at 02:48 | Permalink

    Har lagt til dei to siste låtane no.

    Den første er Same old thing frå siste plata til The black keys.

    Den andre er Lies frå siste plata til The black keys.

    Fin blanding av Black Sabbath og Soundgarden.

  5. jons
    Posted 2. juni, 2009 at 21:34 | Permalink

    Fjelgt! Har lagt til tre låter. Tar den litt ned etter all denne moderne piggtrådmusikken. Starter sikkert med Hello Saferide (AKA Annika Norlin/AKA Säkert!), og sangen Anna. Fortsetter med skranglefolk fra Pete Dohertys ustøe penn. Til sist terningkastklassikeren over alle, Yatzy, av Tønes.

  6. snorreb
    Posted 4. juni, 2009 at 23:22 | Permalink

    1. Date with IKEA (Pavement) Høyrte på Brighten the corners omlag 6t pr. dag då er måtte bone heile festsalen i Førdehuset som vaktmesterassistent i 1997.. tidlaus musikk, endelaus jobb.

    2. Drivin on 9 (the Breeders) Skaga folkehøgskule 1996.

    3. Simple man (lynyrd skynyrd)Death valley, California. Ørken, 35 varmegrader, convertible med taket nede og full guff på anlegget. God tur Bekken og Kjoppis!! 🙂

  7. Posted 6. juni, 2009 at 00:46 | Permalink

    Det er ikkje lov med to låter av samme band. Eg beklager. Visste ikje om det. Trekker tilbake den eine låta med The black keys og legger til You don't have to worry, med det nye, lovande norske bandet The kung fu girls. Desse trur eg kan bli store!

  8. drleiv
    Posted 7. juni, 2009 at 22:16 | Permalink

    Eg nyter min nye sivile status som gift familiefar, og registrerar at Spotify er genialt når kjem i det sentimentalt-nostalgiske hjørnet. Her er 3 låtar frå vårt bryllup i fjor.

    Calexico – Sunken Waltz. I forkant av bryllupet høyrte vi gjennom musikksamlinga vår plate for plate (dette var før Spotify), på jakt etter ei låt vi kunne danse vals til. Har ikkje peiling på kva teksten handlar om, men denne sangen var såpass fin og enkel å danse til at den kom på andre plass.

    Leonard Cohen – Take this waltz. Offisielt den finaste valsen vi hadde i vår musikksamling, og den som vart brukt til bryllupsdans. På den tida var forholdet til Cohen var på sitt mest lidenskaplige, då det berre var nokre veker sidan hans fantastiske konsert på Bislett.

    Ungdomskulen – Spartacus. Rockepolonese og rockelimbo. Nokon må invitere til bryllup snart!

  9. baardemannen
    Posted 12. juni, 2009 at 21:43 | Permalink

    Ahhh! Kvifor spurte du ikkje sjølve valse-kongen?

    Høyr på Three-minute convert med svenske Isolation Years. Brillefin duett.

    The old country waltz frå American stars n' bars med Neil Young. Finfin låt.

    Og sist men ikkje minst: Waltz #2 med Elliot Smith. Ikkje berre ein fin vals, men ein av tidenes beste låtar!

    Du veit kven du skal spørre neste gong.

    (har lagt dei til i lista)