Ein fugl på taket…

Sesongens første tjeld er komen til verda på taket ein stad på Universitetet i Bergen og med moderne teknologi kan vi følgje dagleglivet direkte.

Dersom dette gav meirsmak, så dukka også havørna opp på webkamera idag.

Sjå også

2 Kommentarar

  1. drleiv
    Posted 23. mai, 2009 at 10:02 | Permalink

    Dette er eit genialt program! Oppdaga det for litt over ei veke sidan, og har følgt med trufast etter det. Gjekk dessverre glipp av sjølve klekkinga, og no er visst alle tre egga klekt. Men dramatikken er ikkje over! Vil dei vekse opp? Vil dei klare å fly? Vil havørna prøve eit angrep? Vil pliktene som foreldre gå ut over det tilsynelatande harmoniske forholdet til Tjeld-paret?

  2. hvrd
    Posted 23. mai, 2009 at 11:06 | Permalink

    Det var då tykjen at begge to vart klekte i natt.

    Inntil ungane er ute av redet trur eg tjeld-paret vil få mindre tid til seg sjølv. Trillingar er nok ganske krevande.