Forfattararkiv: hvrd

Go-go

Alexander Rybaks låt Fairytales gjekk til topps i gårsdagens finale i vår nasjonale Melodi Grand Prix. Ein utruleg catchy låt framført av ein sjarmerande artist. Det er likevel eit lite stykke fram før han tar att Kjersti Bergesen.

Cricket, hei

Interessant leverer som vanleg innhald av høgste kvalitet, og formidlar denne gongen eit over snittet underhaldande sitat frå ein cricket-reportasje: Benn was bowling to a six-three off-side field with the leg-side covered only by a short-leg, mid-on and a man on the sweep. To the off were two close fielders, at slip and silly point, […]

Fullemann tatt i undikken

Eg føler det er mi plikt å dele denne vesle godbiten med dykk. Saksa frå BA. Stikkord: lystig herre skrålte bekledningshemmet ute av normal posisjon

Quiz: Kven er du …

… på Coop Extra Bygg Førde? Du er ein typisk Halvor Erdal! Du er ein kundevennleg person, som gjerne slår av ein liten spøk til kundar litt for ofte. Gjer alt for å unngå å sitte i kassa.

På tide å dra huet deres ut fra kakkelovnen fra 50 tallet å se på dagens sitvasjon og fremtiden

Kloke ord som dette får eg aldri nok av. Ap og SV folk hetser og nå begynt å hetse om finanskrisen..Eg spør meg, kordan går det an..når vi veit det er AP og SV som styrer..

Spotify

Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon. […]

BMW-eigarar er verstingar

I Dine Pengers undersøking av bilførarars haldningar og handlingar kom BMW-eigarar, saman med Audi- og Mercedes-eigarar, dårlegast ut, skriv Aftenposten. De beholder gjerne penger de finner, de kjører gjerne for fort, de sniker på trikken og synes ikke det er så ille å snyte litt på skatten. Samtidig er BMW det bilmerket som kolliderer mest. […]

Tragedie

No ser det ut til at vi endeleg er kvitt Madrugada. Takk og lov. Gleda vart diverre kortvarig. Det viser seg nemleg at The September When har gjenoppstått. Kva blir det neste?

Årets julegåve: Dr Munks popleksikon

For dei av dykk som framleis har eit par ledige slots på ønskjelista anbefalar redaksjonen å føre opp Dr Munks popleksikon.

Dobbeldans og pop

Det var ikkje fritt for at eg fekk ein smule hakeslepp då eg las omtalen av debutplata til bandet KaRL BaRX, A Produkt of Imagination: