Her følgjer eit intervju det tyske metall-magasinet Rock Hard gjorde med norges desidert mest humoristiske metall-mann Gylve Fenris Nagell (tidl. Leif Nagell) aka Fenriz.
Ein slager. Take me to your Fenriz har meir småstoff.
The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy.
Ref. opplett.no.
21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein [...]
Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.
Favorittrockebandet vårt Ungdomskulen spelte opp på årets Hovefestival og NRK Lydverket fekk bandet til å stille opp på ein akustisk campingkonsert. Låten er Modern Drummer.
Honnør (kudos) til statskanalen som endeleg har skjønt korleis film kan publiserast på web.
Nei, det passar littegranne dårleg akkurat no.
Det er fristande å ta fram dei sterkaste glosar, men artikkelen talar for seg.
Denne gongen skal vi attende til sommaren 2005. Den sommaren då der berre eksisterte ei einaste plate. Plata er sjølvsagt Hal sin sjølvtitulerte debut, og vi har gleda av å servere meisterverket I sat down.
SK Brann sine nettsider melder om at Brann-tannbørsten endeleg er her. Dette er ein tannbørste som er spesialdesignet for bergensere og hordalendinger.
Eg vart gjort merksam på at det er venta storfint besøk til hausten. Doug Martsch og hans eminente orkester Built to Spill spelar opp på Verftet i Bergen og Rockefeller i Oslo, høvesvis 10. og 11. oktober. Og ikkje nok med det, albumet Perfect from Now On skal spelast i sin heilheit. Billettar er lagt [...]