Author Archive

Høgfartstog i Norge

tysdag, juni 2nd, 2009

lyntog
Norsk Bane har kome med nye og fresje sider. Høvet er rapporten frå Deutshe Bahn om høgfartsbaner i Norge. Dei har laga detaljerte analyser og planer for høgfartsbaner mellom Oslo - Trondheim, Bergen, Haugesund og Stavanger.

Rapporten slår fast at utbygging av høgfartsbaner i Sør-Norge, med reisetid på 2,5 timar Oslo - Bergen og Oslo - Trondheim, vil vere samfunnsøkonomisk lønsamt med ein faktor mellom 2 og 3, over ein periode på 30 år etter fullføring av kvar bane.

Regjeringa legg fram nasjonal transportplan 5. juni. Det er lite som tyder på at regjeringa vil satse noko særleg på høgfartsbaner. Kva må til for at politikarane skal tore å satse på lønsame prosjekt?

For oss som elskar Guitar Hero, men manglar Playstation

torsdag, mai 31st, 2007

Sjekk denne!
http://fretsonfire.sourceforge.net/
Det er rett og slett ein friprogramvareversjon av Guitar Hero. Fungerer på Windows, Linux og Mac. Kjøp eit trådlaust tastatur og modifiser i vei.
http://blog.keyboardsonfire.net/

Fantastiske mogelegheiter med nettmusikkbutikkar

torsdag, februar 22nd, 2007

Eg har lenge tenk å handle meir av musikken min på nettet. Eg likar eigentleg ikkje å laste ned "piratkopiert" musikk, men sidan det er vanskeleg å finne god musikk som er lovleg å laste ned utan idiotiske kopisperrer, så har det blitt musikk på den måten også. (meir...)