Kategoriarkiv: Bøker

KISS

Har alltid tenkt at eg var akkurat litt for ung til å få med meg dette musikalske fenomenet på 80-talet. Derfor artig å få titta litt på kva dette var for noko. I will never go to school Litt meir prog enn eg hadde trudd..

Årets julegåve: Dr Munks popleksikon

For dei av dykk som framleis har eit par ledige slots på ønskjelista anbefalar redaksjonen å føre opp Dr Munks popleksikon.

Grundig research

Den polske krimforfattaren Krystian Bala kan ha gått litt for langt i førebuingane til ein av romanane sine. Politien hadde ingen spor i etterforskinga av drapet på foretningsmannen Dariusz Janiszewski før dei vart tipsa om romanen Amok frå 2003. Der fekk dei lese detaljerte skildringar av ugjerninga. Bala er no dømd til 25 år i […]

Særs god bok

Eg vil gjere lesarane merksame på romanen Mesteren og Margarita av Michail Bulgakov. Eg er ikkje heilt sikker på kvar denne boka står i den litterære kanonen, men den kom i alle høve med i serien Århundrets Bibliotek i 1991. Sjølv høyrde eg ikkje om boka før ganske nyleg. Bulgakov skal ha jobba med romanen […]

Ein real sprekk/dagen er redda

Eg hadde bestemt meg for å vente til jul, og det har gått bra i fleire månader no, men i dag måtte eg berre krype til korset og skaffe meg den siste Dag Solstad-boka: Armand V. fotnoter til en uutgravd roman. No får eg heller gle meg til eventuelt å få den nye boka til […]

Intervju

Forfattar Rolf Sagen gav følgjande kortfatta intervju til Bergen bibliotek sin nettredaksjon.

Boknatt

Den 24. juni er det klart for den årlege boknatta i Fjærland. Dette er eit særs triveleg arrangement, som eg gladeleg tilrår. Denne gongen er sjansane for å gjere eit realt bok-kupp ekstra store, for Baardemann har sagt seg viljug til å selje store delar av den svært så innhaldsrike boksamlinga si.

Dagens helt(inne)

Min gode venn torill sendte meg ein forespørsel som kanskje lesarar av Munk kan svare på vel så bra som meg. Her er problemstillinga: Jeg trenger tips til litterære karakterer jeg kan bruke som grunnlag på master. Jeg trenger en skikkelig heltinneskikkelse! Og et godt eksempel på en rival. De kan gjerne være stereotypiske, men […]

I den sjette verda

Det er vel på på høg tid å tilrå ei bok, og då fell valet på den seinaste romanen til Tormod Haugland, I den sjette verda. Boka handlar om dei to eigedomsmeklarane Valden og Karlsson som kjem til ei lita vestlandsbygd for å selje ein eigedom. Det viser seg fort at Valden har heilt andre […]

Haruki Murakami, nok ein gong

Haruki Murakami er eit namn som det er vanskeleg å få dreisen på i byrjinga, men som det er svært kjekt å seie etter kvart som ein vert fortruleg med det (omtrent som med sudoku altså). Det har vore mykje mas om Murakami på Doktor Munk, men det er ikkje utan grunn. No har eg […]