Sesongens første tjeld er komen til verda på taket ein stad på Universitetet i Bergen og med moderne teknologi kan vi følgje dagleglivet direkte.
Dersom dette gav meirsmak, så dukka også havørna opp på webkamera idag.
Sesongens første tjeld er komen til verda på taket ein stad på Universitetet i Bergen og med moderne teknologi kan vi følgje dagleglivet direkte.
Dersom dette gav meirsmak, så dukka også havørna opp på webkamera idag.
Eg føler det er mi plikt å dele denne vesle godbiten med dykk. Saksa frå BA. Stikkord:
The Micropops med Håkon Njøten er headliner under helgas Dugnad-festival der inntektene går til bandsa som mista utstyret sitt under brannen i Skuteviksbodene. Andre bands som stiller opp er: Datarock, The Whitest Boy Alive og Kim Hiorthøy.
Ref. opplett.no.
Konsertar med Neil Young nærmar seg. Nokon heldige skal avgarde for å sjå han allereie i morgon, medan andre må vente heilt til den 26. Her er ein smakebit.
Deler av programmet til samtidsmusikkfestivalen Borealis er på plass og det er klart at sjølvsaste Mike Patton (tidl. Faith No More) skal opptre saman med trekkspel-, gitar-, banjo- og fløytevirtuosen Stian Carstensen (feks. Farmers Market, Banjovi). Framsyninga er på Landmark tysdag 26. februar.
Denne veka er det slutten for KNAX i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har du sparebøsse eller merkehefte må du straks springe til næraste filial, elles går kronestykkene dine frå barndomen med i Terra-dragsuget. Dette barnekonseptet har vore der sidan eg var liten, men heretter vert det altså Kongleriket. Mange fine metaforar for sparing i floraen, ja. Dette blir nok pop.
Eit kjapt søk på google viser at dette ikkje er noko Sparebanken Sogn og Fjordane har sugd av eige bryst. Dei har dette i mange land! Fasaden slår sprekker og tilliten til banken er for min del sterkt svekt.
Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du veit kva du har å gjere.
I dag fekk me nyhenda om at det no har vore eit gjennombrot i stamcelleforsking. Forskarar i USA og Japan har klart å lage stamceller av hudceller, slik at ein ikkje treng nytte befrukta egg. Dette er jo vel og bra, men i nyhendeinnslaget som eg høyrde i radioen og seinare på Dagsrevyen klokka 19 vart det sagt at målet i framtida er eit liv utan sjukdom og evig liv. Er dette ein del av Den Norske Lægeforening sin uttalte visjon/filosofi? Eller er det ei utsegn frå NRK for å sexe opp innslaget? Dersom det fyrstnemde er riktig vonar eg at det vil kome ein debatt om etikken til Lægeforeningen. At ei yrkesgruppe som lever av å hjelpe/reparere sjuke kroppar/menneske sitt mål er å utrydde all sjukdom og dermed sitt levebrød er jo heilt idiotisk. Tenk om kokkar skulle forske på eit middel for gjer at folk ikkje trengde å ete? Er det bra å fjerne all sjukdom? Er det mogleg? Kva med psykiske sjukdomar. Kva samfunn vert det? Evig liv til alle mann? I desse klimatider må slike påstander vere reine drepen for miljøet. Evig liv? Kvar då? På Mars?
Eg vel å tru at denne påstanden kjem frå NRK, og vonar at dei i framtida kuttar ut denne typen tabloide fjolleutsegn. Er det nokon lesarar frå helsevesenet som vil stille seg bak dette?