Kategoriarkiv: Informasjon

Informasjon frå Sentralkomiteen.

Moderne femkamp

21. og 22. august går OL-konkurransane i moderne femkamp av stabelen. Det skal konkurrerast i 10 m luftpistol, fekting med korde (ikkje sabel, nei), 200 m fristilsymjing, sprangridning med ukjent hest og 3 km terrengløp. Ifølge Wikipedia vart konkurransen konstruert av baron Pierre de Coubertin og den har som mål å simulere erfaringane til ein […]

Lausriv! Lausriv! Trur eg..

Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot […]

Kulturnytt frå nord

Her er noko av det som skjer på kulturfronten her i Hammerfest i helga. Dette blir nok stygt.

Alternativ konfirmasjon

Er du i konfirmasjonsalderen er det no kome eit nytt alternativ, nemleg Holistisk konfirmasjon. Vi mener det er mer mellom himmel og jord enn det man lærer på skolen. Verden er et spennende og morsomt sted å være, og unge mennesker står overfor sine første selvstendige valg. Et av disse valgene kan være å velge […]

Ytrefilet av bjørn

Frå krigsforumet sluttstykket.com har vi henta denne helgas mattips: Den ble servert sammen med båtpotatis stekt i ovnen, Fløtesaus på basis av bjørnekraft med blåbær. Ruccolasalat og agurk fylt med rognebærgele. Nam! Bjørnen var en treåring på 90 kilo. Vel bekomme!

Den siste KNAXianar

Denne veka er det slutten for KNAX i Sparebanken Sogn og Fjordane. Har du sparebøsse eller merkehefte må du straks springe til næraste filial, elles går kronestykkene dine frå barndomen med i Terra-dragsuget. Dette barnekonseptet har vore der sidan eg var liten, men heretter vert det altså Kongleriket. Mange fine metaforar for sparing i floraen, […]

Pest og kolera

NRK P2 kutter pop og rock fra spillelistene, og pop-programmene fra sendeflaten. Nå skal det bli mer musicals og viser i kulturkanalen. Då eg las dette trudde eg det var ein spøk, men det er ikkje ifølgje Dagsavisen si nettutgåve. Einaste løysinga, slik eg ser det, er å trøste seg med P. I. L. S. […]

Verdas beste band står på scena i kveld

Etter at dei la opp i 1980 har ikkje Led Zeppelin spelt meir enn eit par (omlag 2) konsertar. I kveld spelar dei ein konsert til minne om tidlegare direktør i Atlantic Records, Ahmet Ertegün. Interessa før denne konserten har vore enorm og no går rykta om ein turné til neste år. Frank Nes, du […]

[ ]

Styret i Språkrådet vedtok 13. september å setja i gong med ei normering av nynorsken. No skal det strammast inn, ikkje lenger haugevis med alternativ og klammeformer. Så om du er nynorsking, medviten eller ei, aktiv eller passiv, brukar av dette språket som har meir valformer enn dei har lösgodis i Töcksfors, så må du […]

Popquiz fredag

Det vert quiz fredag. Oppgåvene er klare så ver klar kl 14.00.