Eg fekk ein link frå svigerinna mi i dag. Eit program på SVT som heiter Landet Brunsås. Moro og lærerikt om Sverige, mat og kultur. Tre heilt ålreite ting altså. Få det med deg! Programma vert også lagt ut på nett-TV hjå SVT.
Fyrste program ligg her, andre går på TV i kveld.
26. november, 2009 – 10:22
Vi har tidlegare hatt stor glede av hiten Aibel Song ("Der e du - her e me"), og etter nærmare research ser eg konturane av, for meg, ein hittil ukjend musikksjanger: Company music.
18. desember, 2008 – 20:11
Berre så det er sagt: Er du det spor interessert i musikk og ikkje er på Spotify, så er du heilt ute. Fullstendig ute. Spotify er, som Egon Holstad ville sagt, det beste sidan oppskjært brød. Eigentleg er det ei usannsynleg kjapp streaming-teneste med eit utval som overgår sjølv den mest ihuga mp3-samlar sin kolleksjon.
Om [...]
10. desember, 2008 – 20:32
Avisa Verdens gang presenterte i dag lister over dei mest populære søka på internett i år. Ikkje så mange overraskingar og ikkje særs interessant. Her er ei liste over dei mest populære sakene på Ufjelg i 2008. Finans er naturleg nok hot, og merkeleg nok klamrar Tiller seg til toppen:
(tala i parantes viser kor [...]
1. mai spelte Tambarskjelvar sitt nyoppstarta A-lag treningskamp mot den gamle kjempen Anga. Resultatet enda 4-4 og Ufjelgs sportsredaksjon gratulerer Tambar-gutane med sin første kamp etter nyoppstartinga utan tap. Referat frå kampen på Tambar.no.
Første seriekamp er mot Gaular 2 den 6. mai på Naustdal stadion. Møt opp!
Ingeniørfirmaet Aibel har laga ein låt. Kva målet med den er, er ikkje lett å forstå, men stikkord kan vere synergieffektar, kravspesifikasjon, kundefokus og kjernekompetanse. Det er så pinleg at det er vanskeleg å sitte i ro på stolen. Larry David kunne ikkje gjort det betre.
Statsoljeselskapet har sjølvsagt mykje meir pengar og har tatt konsekvensen [...]
Litt seint, men greit nok. I avisa BA i Bergen er det no ein debatt om sentralmakta i Oslo versus Bergen/Hordaland/Vestlandet. Folk vestpå er lei av at vanstyre frå austlendingar skal gå ut over oss her vest. Det er kome fram at Vestlandet skaper 70% av verdiane, men får att 28% i overføringar. Frank Aarerot [...]
21. november, 2007 – 19:33
I dag fekk me nyhenda om at det no har vore eit gjennombrot i stamcelleforsking. Forskarar i USA og Japan har klart å lage stamceller av hudceller, slik at ein ikkje treng nytte befrukta egg. Dette er jo vel og bra, men i nyhendeinnslaget som eg høyrde i radioen og seinare på Dagsrevyen klokka 19 [...]
3. november, 2007 – 11:21
Har de sett den nye videoen til Spice Girls? Ai ai ai. Nittitalets fjortisheltar er attende. Tobarnsmor Victoria og gjengen ålar seg lettkledd rundt i eit mørkt og tungt møblert rom. Ein slags cross-over av drapsåstad frå The Linley Mysteries og ein pornofilm. Det sjukt, men samtidig må eg berre le. Moralen er i fritt [...]